Semesters

PPY121 Yrkesdidaktikk 1

Course code: 
PPY121
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Autumn
2026 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Emnet PPY121 inngår som første 15 studiepoeng av yrkesdidaktikken i PPU for yrkesfag. Yrkesdidaktikk handlar om korleis ein lærer å utøve og forstå yrke og yrkesfaglege arbeidsprosessar. Fokus i PPY121 er knytt til emnegruppe 1: Leiing av læringsprosessar – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv. Dette er med bakgrunn i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og Nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018). 

Emnet vert gjennomført i tett samarbeid med PPUD111 Pedagogikk og PPUY-PRA1 Praksis 1 for å gi eit samla læringsutbytte som bidreg til at kandidatane utviklar ein trygg og tydeleg yrkesfaglæraridentitet. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten 

  • har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga 
  • har yrkesdidaktisk kunnskap for relevant utdanningsprogram 
  • har kunnskap om differensiert opplæring i mangfaldige læringsmiljø
  • kjenner til digitale læringsressursar og teknologirike læringsarenaer som er relevant for eige programområde 
  • har kunnskap om elevmedverknad, demokratisk danning og entreprenørskap
  • har kunnskap om yrkesfag og yrkesfagleg breidde i eige utdanningsprogram 
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkesfaglege området  
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan planlegge, grunngi og gjennomføre ei praktisk, differensiert og tilpassa opplæring innanfor rammene av gjeldande lovverk og styringsdokument  
  • kan vurdere og dokumentere elevane/lærlingane si læring og utvikling, sjølvstendig eller i samarbeid med andre, og gje elevane undervegsvurdering som medverkar til læring og lærelyst
  • kan bruke sin yrkesfaglege og yrkesdidaktiske kompetanse i leiing av læreprosessar på mangfaldige og teknologirike læringsarenaer som bidreg til ei relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevane/lærlingane sine behov og interesser 
  • kan framstå som rollemodellar for elevar/lærlingar og vere bevisst sitt ansvar i å bygge yrkesrelevante relasjonar mellom aktørar i skulen og arbeidsliv 
  • kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter 
  • kan bruke relevante digitale verktøy i opplæringa 
  • kan orientere seg i faglitteratur, eksisterande teoriar og forsking knytt til fag- og yrkesopplæringa, og bruke ulike informasjonskjelder kritisk og etterretteleg 
Learning outcome qualification

Kandidaten  

  • kan byggje gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape trygge og inkluderande læringsmiljø 
  • kan formidle kunnskapar, ferdigheiter og haldningar og fremje yrkesstoltheit og yrkesidententitet
  • kan motivere elevar/lærlingar til gode læreprosessar gjennom fagleg innsikt og engasjement 
  • kan identifisere eigne lærings- og kompetansebehov, og reflektere over eiga endring og utvikling som følgje av rettleiing 
  •  
Working and learning activities

Ved Høgskulen i Volda er PPU for yrkesfag eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester.  Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av førelesingar og dialog i plenum, gruppearbeid, presentasjon av studentarbeid, seminar og sjølvstudium. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse er eit resultat av teoretiske studiar, praktiske øvingar og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten si deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe over relevante problemstillingar samt eigeninnsats gjennom studie av litteratur.

Studenten må ha eigna utstyr for å delta i digital undervisning. 

Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansettinga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlege på PPY121 og PPY111.   

 

Assessment requirements

Frammøte

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga.  

Arbeidskrav    

  • Akademisk skriving – tverrfagleg. Skrive ein fagtekst om eit relevant emne for yrkesfaglig opplæring. Omfang: 750 ord (+/- 10 %).   
  • Undervisningsplanlegging. Dette arbeidskravet er todelt: 
    1. Utarbeide eit undervisningsopplegg i eige fag ved hjelp av ein didaktisk modell 
    2. Presentere og reflektere over eige undervisningsopplegg i gruppe med kvarandrevurdering. Omfang: 15 minutt 
  • Praksisrefleksjon – tverrfagleg. Dette arbeidskravet er todelt:                                                       
    1. Utarbeide og gjennomføre eit undervisningsopplegg i praksis                                             
    2. Skrive ein praksisrapport der kandidaten reflekterer over den gjennomførte undervisningsøkta i lys av relevant pensumlitteratur frå både PPY111 og PPY121. Omfang: 1800 ord (+/- 10 %).  

Hensikta med arbeidskrava er å dokumentere forståing av yrkesdidaktiske tema, og å få praktisk trening i undervisningsplanlegging, skriftleg og munnleg framstilling, kollegarettleiing, digitale ferdigheiter og vurdering. 

Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.   

For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:  

  • Minimum 80% frammøte  

  • Alle arbeidskrav godkjende 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Ester Alnes Osnes
Used in other programs
  • Vocational Teacher Qualification (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
45 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Tverrfagleg eksamen, samarbeid PPUD 111
Approval signature: 
Arne Myklebust