Semesters

PPY121 Yrkesdidaktikk 1

Course code: 
PPY121
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Emnet PPY121 inngår som dei første 15 studiepoenga av yrkesdidaktikken i PPU – Y. Yrkesdidaktikk handlar om læringsarbeid knytt til det å lære eit yrke, og skal gi kandidaten kompetanse i yrkesdidaktisk planlegging, undervisning, vurdering og kritisk analyse av undervisning og læreprosessar. Fokus i PPY121 er knytt til emnegruppe 1: Leiing av læringsprosessar – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018). 

Emnet vert gjennomført i tett samarbeid mellom PPY111 og Praksis 1 for å bidra til at studenten gjennom varierte erfaringar og refleksjonar utviklar ein trygg og tydeleg yrkesfaglæraridentitet. 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten:  

  • har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevant for profesjons- og yrkesutøvinga 

  • har yrkesdidaktisk kunnskap for relevant utdanningsprogram 

  • har kunnskap om differensiert opplæring i mangfaldige klasserom/verkstad  

  • kjenner til digitale og teknologirike læringsarenaer som er relevant for eige programområde 

  • har kunnskap om elevmedverknad, demokratisk danning og entreprenørskap i klasserom/verkstad 

  • har kunnskap om yrkesfag og yrkesfagleg breidde i eige utdanningsprogram 

  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkesfaglege området  

Learning outcome skills

Kandidaten kan:

  • planlegge, grunngi og gjennomføre ei praktisk, differensiert og tilpassa opplæring innanfor rammene av gjeldande lovverk og styringsdokument  

  • bruke sin yrkesfaglege og yrkesdidaktiske kompetanse i leiing av læreprosessar på mangfaldige og teknologirike læringsarenaer som bidrar til ei relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevane/lærlingane sine behov og interesser 

  • vurdere og dokumentere elevane/lærlingane si læring og utvikling, sjølvstendig eller i samarbeid med andre, og gje læringsfokuserte tilbakemeldingar som kan medverke til at eleven/lærlingen kan reflektere over eiga læring 

  • framstå som rollemodellar for elevar og lærlingar, og vere bevisst sitt ansvar i å bygge yrkesrelevante relasjonar mellom aktørar i skulen og arbeidsliv 

  • orientere seg i relevant faglitteratur, eksisterande teoriar og forsking knytt til fag- og yrkesopplæringa, og bruke ulike informasjonskjelder kritisk og etterretteleg 

  • identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter 

  • bruke relevante digitale læremiddel i opplæringa  

Learning outcome qualification

Kandidaten kan:  

  • byggje gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape trygge og inkluderande læringsmiljø 

  • formidle kunnskapar, ferdigheiter og haldningar og fremje yrkesstoltheit og yrkesidententitet

  • motivere elevane/lærlingane til gode læreprosessar gjennom fagleg innsikt og engasjement 

  • identifisere eigne lærings- og kompetansebehov, og reflektere over eiga endring og utvikling som følgje av rettleiing 

 

Working and learning activities

Ved Høgskulen i Volda er PPU - Y eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. Kvart semester har fire digitale samlingar på to timar, i tillegg til tre-fire samlingar på to dagar, enten i Volda, Ålesund eller Molde. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av førelesingar og dialog i plenum, gruppearbeid, presentasjon av studentarbeid, seminar og sjølvstudium. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.      

Studenten må ha tilgjenge på eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.   

Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlege på PPY121 og PPY111.   

 

Assessment requirements

Frammøte

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.  

Arbeidskrav    

  • Akademisk skriving – tverrfagleg. Skrive ein fagtekst om eit relevant yrkespedagogisk emne. Omfang: 750 ord (+/- 10 %).   
  • Undervisningsplanlegging. Planlegge eit tenkt undervisningsopplegg i eige fag der kandidaten tar i bruk ein didaktisk modell for å reflektere over vala sine. Omfang: 1800 ord (+/- 10 %). 
  • Praksisrefleksjon – tverrfagleg. Dette arbeidskravet er todelt:                                                       
    1. Utarbeide og gjennomføre eit undervisningsopplegg i praksis                                                   
    2. Skrive ein praksisrapport der kandidaten reflekterer over ein utvald situasjon frå undervisningsøkta i lys av relevant pensumlitteratur frå både PPY111 og PPY121. Omfang: 1800 ord (+/- 10 %).  

Hensikta med arbeidskrava er å dokumentere forståing av yrkesdidaktiske tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegarettleiing, digitale ferdigheiter, vurdering og undervisningsplanlegging. 

Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.   

For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:  

  • Minimum 80% frammøte  

  • Alle arbeidskrav godkjende 

  • PPUY-PRA1 Praksis 1 godkjend  

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Terese Aarsund Myklebust
Used in other programs
  • Vocational Teacher Qualification (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
3000 ord (+/- 10%)
Alle
Approval signature: 
Arne Myklebust