Semesters
PROG2-17KFK Programmering, 1.-7. trinn
Ingen.
Emnet byggjer vidare på PROG-110KFK og gir ei djupare forståing av visuelle programmeringsspråk og overgangen til tekstbaserte programmeringsspråk. Programmering knytt til utvikling av elektroniske prototypar, og korleis det kan integrerast i fag i grunnskulen, er sentralt i emnet. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten kan:
vise forståing for algoritmar og datastrukturar
gjere greie for ulike verktøy for visuell programmering
vise forståing for overgangen frå visuell til tekstbasert programmering
vise forståing for prototyping med mikrokontrollerar
gjere greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet
gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til visuelle programmeringsspråk
Kandidaten kan
overføre løysingar til nye problem ved å generalisere og tilpasse eksisterande programkode og algoritmar
vise forståing for omgjering av problem til delproblem
omsetje algoritmar frå visuelle programmeringsspråk til tekstbaserte programmeringsspråk
anvende metodar for å utvikle program ved hjelp av visuelle programmeringsspråk og enkel tekstprogrammering
kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon
planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til visuell programmering og prototyping med mikrokontrollar
integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid og vurdere elevarbeid
Kandidaten kan
- reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet
- reflektere over teknologien og særskilt programmeringa sin plass i samfunnet og skulen
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåvene er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav: Ingen
Arbeidskrav: To (2) oppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplanen. Oppgåvene vil handle om å styrke 1) eigen programmeringskompetanse gjennom praktisk produktutvikling og 2) profesjonsfagleg digital kompetanse knytt til programmering. Omfanget av oppgåvene vil vere 2000 ord (+- 10%) som skrift, eller 10 minutt (+- 10%) som film/samansett tekst. Totalt omfang av arbeidskrav er difor 4000 ord eller 20 minutt film.
- Programming for teachers, 1st-7th Grade - Competence for quality
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. |