Semesters
PROG-17KFK Programmering, 1.-7. trinn
Fullført lærarutdanning
Emnet byggjer vidare på PROG1-110-KFK og gir ei djupare forståing av visuelle programmeringsspråk og overgangen til tekstbaserte programmeringsspråk. Programmering knytt til utvikling av elektroniske prototypar, og korleis det kan integrerast i fag i grunnskulen, er sentralt i emnet. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten kan
- vise forståing for algoritmar og datastrukturar
- gjere greie for ulike verktøy for visuell programmering
- vise forståing for overgangen frå visuell til tekstbasert programmering
- gjere greie for ulike verktøy for tekstbasert programmering
- vise forståing for prototyping med mikrokontrollerar
- gjere greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til visuelle programmeringsspråk, både generelt og knytt til grunnskulen sine fag
Kandidaten kan
- overføre løysningar til nye problem ved å generalisere og tilpasse eksisterande programkode og algoritmar
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
- lage program ved hjelp av visuelle programmeringsspråk
- omsetje algoritmar frå visuelle programmeringsspråk til tekstbaserte programmeringsspråk
- enkle program ved hjelp av tekstbasert programmering
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til visuell programmering og prototyping med mikrokontrollar
- integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, knytt til grunnskulen sine fag
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering med og utan mikrokontrollar
Kandidaten kan
- reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet
- reflektere over teknologien og særskilt programmeringa sin plass i samfunnet og skulen
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåvene er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav: Ingen
Arbeidskrav: Utvalde arbeidsoppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplan. Oppgåvene vil handle om å styrke eigen programmeringskompetanse gjennom praktisk produktutvikling og profesjonsfagleg digital kompetanse knytt til programmering.
- Programming for teachers, 1st-7th Grade - Competence for quality
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |