Semesters

PROSB Prosessleiing og prosjektdesign

Course code: 
PROSB
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Brei deltaking blir i dag rekna som ein føresetnad for vellykka utviklingsarbeid både i samfunn og i organisasjonar. Bruken av kommunikative metodar som idedugnad, kreativ problemløysing osv. i plan- og utviklingsarbeid har som formål å skape gruppeprosessar som fremmar deltaking, dialog, kreativitet m.m. og som gir forankring av og forpikting til dei løysingane som ein kjem fram til.

Emnet er øvingsorientert med stor vekt på gruppearbeid med sams metodelæring og erfaringsutveksling på tvers av fag, forvaltningsnivå og offentlig-, privat- eller frivillig sektor m.m. Øvingane tek utgangspunkt i dei utfordringar og planproblem som deltakarane sjølv har, og gjennom gruppearbeid skal dei øvast i prosessleiing og få hjelp til å utforme ein prosjektdesign for eit plan- og utviklingsarbeid.

Emnet tek utgangspunkt i studentar sine planproblem knytt til utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar, og målet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse eigne planproblem. 

Emnet blir innpassa i vårt Bachelorprogram i planlegging og administrasjon, og kan søkast innpassa i andre bachelorprogram.

Emnet eignar seg for fagfolk i praksis (planleggarar, leiarar og andre tilsette) med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid og/eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor. Emnet eignar seg også for dei som ønsker seg slike stillingar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskap om kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng
Learning outcome skills

Studenten skal vere i stand til

  • proaktivt utviklingsarbeid og prosjektarbeid
  • sjølv å bruke kommunikative metodar i organisasjons- og samfunnsutviklingsarbeid
  • kritisk å vurdere ulike modellar og "oppskrifter" for medverknads- og planprosessar i samfunn og organisasjonar
Learning outcome qualification

Studenten skal ha utvikla

  • evne til kritisk refleksjon over andre si rolle i gruppeprosessar
  • evne til kritisk refleksjon over eigen kunnskap, ferdigheiter og holdningar/verdiar
  • praktisk handlingskompetanse i å designe og leie utviklingsprosessar og prosjekt
Working and learning activities

Firmaet Utviklingskompetanse AS ved Tor J. Skogstad tilbyr dette kurset som etterutdanning.

Utviklingskompetanse AS er lokalisert i Bodø, Tlf. 75 51 76 44 /mobil: 977 01 621 http://www.prosessledelse.no

Det er inngått avtale mellom Utviklingskompetanse AS og Høgskolen i Volda om eksamen for dei som ønskjer å ta eksamen. Vi råder dei som har generell studiekompetanse eller realkompetanse til å bruke kurset til å ta eksamen i emnet PROSB Prosessledelse i plan- og utviklingsarbeid og få 15 studiepoeng på bachelornivå. Vi råder dei som tilfredsstiller krava til opptak til mastergraden vår i Samfunnsplanlegging og leiing til å bruke kurset til å avlegge eksamen i det noko større og meir avanserte mastergradsemnet IPA302KOMP Prosessleiing i samfunn og organisasjonar.

Kurset går over sju dagar fordelt på tre samlingar (2+3+2). For å avgrense reise- og oppholdsutgiftene til dei enkelte kursdeltakarane, foregår samlingane og undervisinga i dei regionane eller kommunane der kursdeltakarane høyrer til. Kurset er organisert som ein kombinasjon av regionale og interkommunale samlingar, eigenstudie og arbeidsgrupper som kursdeltakarane sjølve organiserer.

Læringsforma tar utgangspunkt i at deltakarane skal få mykje tid saman til formell og uformell læring i og utanfor samlingane. Både i undervisninga og under gruppearbeid og øvingar, er dialog og aktiv medverknad ein føresetnad. I tillegg til ordinære førelesingar, blir det lagt stor vekt på at deltakarane gjennom heimeoppgåver, gruppearbeid, øvingar og erfaringsutveksling skal lære å knytte teorien til eigne erfaringar og arbeidsoppgåver.

Til kurset er det knytt undervisningskrefter med god teoretisk og praktisk fagkompetanse. Det blir også brukt læremidlar som er relevante for kursdeltakaranes arbeidsoppgåver.

Assessment requirements

Alle samlingane er øvingsbaserte der kommunikasjon mellom deltakarane for å løyse eigne og andre sine planleggingsutfordringar står sentralt. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på disse (80%).

Evaluation system

Eksamensmappa blir vurdert av ein kommisjon med ein intern og ein ekstern sensor.

Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Roar Amdam
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual or Group exam
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Digital eksamen.
Alle.
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei eksamensmappe med to delar:

Del 1) Prosjektdesign. Denne delen skal formast som ein prosjektdesign (prosessplan) for eit aktuelt plan- og utviklingsarbeid i eit lokalsamfunn eller ein organisasjon. Denne delen kan vere eit gruppearbeid, og kan vere på om lag 3000 ord. Dersom prosjektdesignen blir utarbeidd i ei gruppe, skal dette gå tydeleg fram.

Del 2) Drøfting. Denne delen av mappa skal vere ei fagleg grunngjeving av aktivitetar og tiltak i prosjektdesignen. Drøftinga bør ta utgangspunkt i styrke og svakheiter ved designen og måten designen har blitt til på. Drøftinga bør også identifisere kritiske punkt i designen, velje ut nokre av teknikk- og metodevala og fagleg grunngje dei. Denne delen skal vere individuell, og vere på 3000 ord (+/-10%). Litteraturlista og evt, vedlegg tel ikkje med i talet på ord.

Dersom prosjektdesignen (del 1) vert utarbeidd i ei gruppe, har kvar gruppedeltakar i drøftingsdelen (del 2) høve til å foreslå endringar/forbetringar av prosjektdesignen. Slike nye forslag/forbetringar må gå tydeleg fram og dei må grunngjevast i drøftingsdelen.

Studentane får rettleiing undervegs. Mappa skal leverast som eitt individuelt dokument, og delane prosjektdesign (del 1) og drøfting (del 2) må gå tydeleg fram av innhaldslista.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 17.02.18