Semesters
REL114N-AVG Religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn
Ingen.
Emnet gjev kunnskap om utfordringar knytte til religiøst og kulturelt mangfald og om undervisning i religion, livssyn og etikk. Emnet vil også gje innsikt i oppseding og undervisning i kristen tradisjon så vel som i nokre andre religions- og livssyns-tradisjonar som har aukande tilslutnad i landet vårt. Emnet er delt inn i fire.
Del 1: Kulturanalyse – kulturmangfald
Delemnet gjev innføring i kulturomgrepet, i kulturmangfaldet i Noreg og i modellar for kulturanalyse.
Del 2: Religions- og livssynsundervisning i skulen
Denne delen handlar om fagdidaktikk knytt til KRLE-faget i grunnskulen og til Religon og etikk i vidaregåande skule. Det vert lagt vekt på utfordringar som det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samtidskulturen representerer.
Del 3: Trusopplæring i kristendom, andre religionar og livssyn
Delemnet gjev innføring i trusopplæring i kristendom så vel som i andre religionar og sekulære livssyn som er breitt representerte i Noreg.
Del 4: Forteljing og bilde
Her går ein inn på både teoretiske og praktiske sider ved saka. Døme frå ulike religiøse tradisjonar vert dregne fram, og studentane får drøfte korleis forteljing og biletkunst kan brukast i opplæring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studium har studenten kunnskapar
• om religionsdidaktiske problemstillingar
• om ulike religionspedagogiske og religionspsykologiske tema
• om ulike teoriar knytte til livssyns- og identitetsdanning
• om trusopplæringstradisjonar i nokre utvalde religionar og livssynsorganisasjonar
• om korleis forteljingar og bilde blir forstått og brukt i ulike religionar og livssyn, og korleis dette kan brukast i undervisning
Etter fullført studium kan studenten
- drøfte kva konsekvensar eit pluralistisk samfunn har for religionsundervisninga
- drøfte kva som påverkar livssyns- og identitetsdanning
Etter fullført studium har studenten
- grunnleggande digital kompetanse
- evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjøvstendig
- evne til å nytte kunnskap og dugleik reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Studiet er nettbasert og lagt til rette i læringsverktyet Canvas. Det går over eitt semester og vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar og arbeidskrav. Fristar for innleveringar, plan for utlegging av leksjonar osv. vert kunngjort ved semesterstart. Kontakt mellom student og faglærarar skjer i Canvas.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten ha fått godkjent
- ei digital kunnskapsprøve (fleirvalstest)
- to innleveringsoppgåver knytte til eitt eller fleire av delemna
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
kr. 4000 pr. 15 stp.
- Christianity, Religions and World views
- Cristianity, Religions and World Views
- Cristianity, Religions and World Views
- Cristianity, Religions and World Views, 60 credits
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 5 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Digital eksamen. | Inntil 4000 ord. |