Semesters

REL151N Religion og livssyn I: innføring

Course code: 
REL151N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Autumn
Assessment semester: 
2025 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Religiøse og livssynsmessige overtydingar har betydning for korleis menneske tenkjer og handlar. I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er derfor kunnskap om religionar og livssyn viktig. Men kva er religion og korleis uttrykkjer menneske religiøsiteten sin? I dette emnet drøftar ein desse spørsmåla.  

Emnet gjev grunnleggande kunnskap om kristendom, islam, jødedom, hinduisme, buddhisme, samisk religion, nyreligiøsitet og sekulære livssyn. Vi ser både på historisk utvikling og på korleis religionane og livssyna vert tolka og praktiserte i dag.   

Innsikt i dette fagfeltet er relevant og nyttig i mange samanhengar. Særleg aktuelt kan det vere for arbeid i helse- og sosialsektoren, i media, i kultursektoren og i skuleverket. Saman med REL152N Religion og livssyn II dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 

  • om ulike religionar og livssyn i historisk og aktuelt perspektiv 
  • har kjennskap til ulike teoretiske forståingar av religions- og livssynsomgrepet
  • om praksisar i religionar og livssyn, og korleis læring inn i slike praksisar skjer
  • om etiske problemstillingar og modellar
  • om sentrale filosofiske spørsmål og nokre utvalde filosofar
Learning outcome skills
  • kan anvende religionsfaglege kunnskapar og forskingsresultat  
  • kan finne og vurdere informasjon og fagstoff om religionar og livssyn 
  • kan skrive religionsfaglege tekster med reflektert kjeldebruk   
  • kan formidle religions- og livssynskunnskap reflektert og sakleg.  
  • kan nytte relevante digitale verktøy  
Learning outcome qualification
  • har innsikt i relevante religionsfaglege og yrkesetiske problemstillingar  
  • har evne til å nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk   
  • skal kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt  
Working and learning activities

Emnet er heilt nettbasert og lagt til rette i digitale læringsplattformar. Studiet er fleksibelt og legg i stor grad opp til sjølvstudium gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking. Undervisinga vert organisert med tematiske modular. Studenten får rettleiing på arbeidskrav. Gjennom fagmøte med medstudentar og faglærarar får studentane høve til å drøfte faglege spørsmål.  Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen.

Assessment requirements

Arbeidskrav: 

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to skriftlege oppgåver kvar på 1500 ord til fastsett tidsfrist.

Evaluation system
Minimum number of students: 
50
Maximum number of students: 
300
Person in charge: 
Ragnhild Heidi Fauske
Used in other programs
  • History - bachelor (net-based)
  • Religion and Culture - bachelor (net-based)
  • Religion, Culture and Society
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk.
Alle
2500 ord (+/- 10%)
Approval signature: 
Silje Ims Lied