Semesters
REL151N Religion og livssyn I
Ingen
I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Dette emnet gjev grunnleggande kunnskap om kristendom, islam, jødedom, hinduisme, buddhisme, sikhisme, nyreligiøsitet og sekulære livssyn. Vi ser både på historisk utvikling og på korleis religionane og livssyna vert tolka og praktiserte i dag.
Innsikt i dette fagfeltet er relevant og nyttig i mange samanhengar. Særleg aktuelt kan det vere for arbeid i helse- og sosialsektoren, media, kultur og i skuleverket. Saman med Religion og livssyn II dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
om teoretiske perspektiv på religionar og livssyn
om ulike religionar og livssyn i historisk og aktuelt perspektiv
om heilage skrifter i religionane
om hovudtankar og praksisar i religionar og livssyn
om mangfald, ulike retningar og uttrykksmåtar i religionar og livssyn
kunne analysere problemstillingar knytte til religion og livssyn
kunne formidle religions- og livssynskunnskap reflektert og sakleg
kunne finne og vurdere informasjon og fagstoff om religionar og livssyn
kunne skrive religionsfaglege tekster med reflektert kjeldebruk
ha evne til å nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk
kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt
ha grunnleggande digital kompetanse i faget
Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, undervisningsfilmar, testar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas.
Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to skriftlege oppgåver kvar på 1500 ord til fastsett tidsfrist.
- History - bachelor (net-based)
- Religion, Culture and Society
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Heimeoppgåva skal ha mest vekt. | Mappa skal ha to delar: - Ei skriftleg heimeoppgåve på 2500 ord (+/- 10%) - Eitt av arbeidskrava (blir trekt på førehand). |