Semesters

REL153N Livstolking i populærkulturen

Course code: 
REL153N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Autumn
Assessment semester: 
2020 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Populærkulturen spelar ei vesentleg rolle for livstolkinga til mange menneske i dag. Emnet vil gi kunnskap om korleis populærkulturen i eit fleirkulturelt samfunn tematiserer religion og livstolking. Emnet gir ei kort innføring i kulturomgrepet og i kulturmangfaldet i Noreg i dag. Det vert lagt vekt på tilhøvet mellom religion og kultur, kulturmangfald og verdiar. Emnet gir vidare innblikk i korleis populærkulturen kan vere kjelde til og arena for livstolking. Det vert fokusert på film som bidrag til livstolking, og korleis meiningsdanning kan skje i møte med film. Sentrale tema er populærkulturen som livssynsmarknad, tilhøvet mellom religion og media og korleis religiøse motiv blir brukt og omforma på film. Emnet gir også hjelp til å utvikle digital dømmekraft i møte med populærkulturelle uttrykk. Det vert lagt vekt på media literacy, kritiske perspektiv på mediebilde av religion og fiendebilde i populærkulturen.  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • forholdet mellom religion og media i det fleirkulturelle Noreg 

  • populærkulturen sin bruk av religiøse forteljingar og motiv 

  • meiningsdanning og livstolking med utgangspunkt i populærkulturelle uttrykk 

  • medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom 

 

Learning outcome skills
  • til å kunne drøfte rolla til religion og media i det fleirkulturelle Noreg 

  • til å kunne utforske og analysere framstillinga av religion i populærkulturen 

  • til å kunne bruke digitale reiskapar for å utforske religion og livssyn i populærkulturen 

 

Learning outcome qualification
  • til å kunne bruke kunnskapen frå emnet i ein yrkessamanheng   

  • til å kunne reflektere kritisk over forholdet mellom populærkultur, livstolking og media i eit fleirkulturelt samfunn 

Working and learning activities

Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjort ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas. 

Assessment requirements

Arbeidskrav: 

Ha fått godkjent to arbeidskrav innan ein frist som instituttet fastset: 

  • ei skriftleg oppgåve på 1500 ord 

  • ein snarfilm på inntil 10 min som består av ein munnleg presentasjon og analyse av eit populærkulturelt uttrykk  

Minimum number of students: 
50
Maximum number of students: 
150
Person in charge: 
Ralph Meier
Used in other programs
  • History - bachelor (net-based)
  • Religion, Culture and Society
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Ei skriftleg oppgåve på 2500 ord (+/-10%)
Approval signature: 
Arne Myklebust