Semesters
REL153N Religion, media og populærkultur
Ingen
Media og populærkultur er i dag ei viktig kjelde til kunnskap om og forståing av religionar og deira innverknad på individ og samfunn. Dette emnet vil gi kunnskap om korleis media og populærkultur tematiserer religion og livstolking.
Emnet gir ei kort innføring i kulturomgrepet og det fleirkulturelle samfunnet, der det vert lagt vekt på tilhøvet mellom kultur og religion, kulturmangfald og verdiar.
Vidare gir emnet innblikk i korleis populærkultur som livssynsmarknad kan vere kjelde til og arena for livstolking. Det vert her fokusert på film og korleis meiningsdanning kan skje i møte med dette mediet. Sentrale tema her er stereotypiar, fiendebilete og korleis religiøse motiv blir brukt, tolka og omforma på film.
Emnet tek også opp korleis media kan påverke sosialiseringa til barn og ungdom.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
har kunnskap om forholdet mellom religion og media i det fleirkulturelle Noreg
har kunnskap om populærkulturen sin bruk av religiøse forteljingar og motiv
har kunnskap om meiningsdanning og livstolking med utgangspunkt i film som populærkulturelt uttrykk
har kunnskap om medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom
Studenten
kan drøfte rolla til religion og media i det fleirkulturelle Noreg
kan utforske og analysere framstillinga av religion i populærkulturen
kan bruke digitale reiskapar for å utforske religion og livssyn i populærkulturen
kan anvende relevante digitale verktøy
Studenten
kan bruke kunnskapen frå emnet i ein yrkessamanheng
kan reflektere kritisk over forholdet mellom populærkultur, livstolking og media i eit fleirkulturelt samfunn
har grunnleggande digital kompetanse
Emnet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender med tematiske modular som består av tekster, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Det vert også lagt til rette for faglege diskusjonar i diskusjonsforum i Canvas og i fagmøte i Zoom i sanntid mellom studentar og faglærarar. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking.
Arbeidskrav:
Ha fått godkjent to arbeidskrav innan ein frist som instituttet fastset:
ei skriftleg oppgåve på 1500 ord
ein munnleg presentasjon av temaet på inntil 10 minutt (opptak med lyd eller talking head og presentasjonsprogram)
- History - bachelor (net-based)
- Religion, Culture and Society
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ei skriftleg oppgåve på 2500 ord (+/-10%) |