Semesters

RET301 Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen

Course code: 
RET301
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Veilederutdanning for praksislærere i barnehagen
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning for barnehagelærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehagen. I fylgje nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 30 studiepoeng rettleiing. Studiet skal gi praksislærarar kompetanse i å rettleie studentar og gjennom dette bidra til å styrke praksisopplæringa i grunnutdanninga. Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage - strategi for kompetanse og rekruttering 2023-2025».

Gjennom studiet får studenten omfattande kunnskap om, og innsikt i, eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis. Vidare er utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og kollektive læringsprosessar gjennom deltaking i profesjonelle læringsfellesskap sentralt. Eit viktig mål for emnet er at studentane utviklar eigne ferdigheiter som rettleiar og at dei kan reflektere over rettleiing og vurdering av studentar. Emnet er på 30 studiepoeng.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

  • varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i barnehagelærarprofesjonen
  • korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i barnehagen
  • korleis ein kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap 
  • studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar
  • nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing 
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • nytte forskingsbasert kunnskap om rettleiing 
  • bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • støtte og utfordre studentar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
  • analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar  
  • vurdere eigen rettleiingspraksis i eit lærings- og danningsperspektiv
  • utøve etiske vurderingar i samband med rettleiing
  • nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling 
Learning outcome qualification

Generelt skal studentane:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet 
  • kunne analysere og drøfte teoriar og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
  • ha innsikt i korleis dei kan nytte seg sjølve som reiskap for å støtte barnehagelærarstudentar si utvikling av personleg og profesjonell kompetanse
Working and learning activities

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av, og vidareutvike, dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper der studentane rettleier kvarandre og drøftar faglege tema. Studentane skal også rettleie på eigen arbeidsplass. Skriftleg rapportering frå arbeidet med rettleiing er ein viktig læringsstrategi i studiet.

Det er til saman seks fysiske todagarssamlingar fordelt over to semester. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Det er difor lagt inn ein studiedag knytt til kvar samling. Det vert i tillegg gjennomført undervisning på digitale plattformer tilsvarande ei samling. Studentane må ha tilgang til datautstyr som støttar lyd og bilde, slik at dei kan ta del i digitale samlingar.

Undervegsvurdering 

Vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå medstudentar og faglærarar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar, videopresentasjon og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • Deltaking på seks obligatoriske todagarssamlingar og nettundervisning tilsvarande ei samling (Krav om 75 prosent oppmøte til samlingane)

  • Deltaking i seks samlingar i den lokale nettverksgruppa.

Arbeidskrav:

  1. Felles logg (maks 300 ord) frå møta i nettverksgruppene med opplysningar om innhald og kven som var til stades. Loggen fungerer som dokumentasjon på deltaking.
  2. Gjennomføring av minimum fire rettleiingsøkter der studenten er rettleiar. Det skal skrivast individuell logg (omlag 300-800 ord) frå rettleiinga der studenten reflekterer over rolla som rettleiar.
  3. Innlevering av dokumentasjon i form av to fagtekstar (kvar på 1200 ord) frå rettleiingsøkter på arbeidsplass og/eller i nettverksgruppene. Fagtekstene skal ha vekt på refleksjon over utvikling av eigen rettleiarkompetanse og i hovudsak nytte pensum i studiet. 
  4. Presentasjon av, og fagleg refleksjon over, eit videoklipp frå ei rettleiingsøkt i nettverksgruppa for faglærar og medstudentar (gruppepresentasjon).
  5. Fagtekst med refleksjon over rettleiing av utviklingsarbeid i barnehagen (2500 ord). Innhaldet i oppgåva skal vere retta mot korleis barnehagen kan rettleie studentar eller tilsette i barnehagen i eit utviklingsarbeid. Plan for utviklingsarbeidet skal presenterast for medstudentar og faglærar. 
Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Gerd Sylvi Steinnes
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Group
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Eksamen er todelt:
Munnleg gruppeeksamen med utgangspunkt i videoopptak frå rettleiing i nettverksgruppene
Home exam
Individual
7 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Individuell, skriftleg heimeeksamen over sju arbeidsdagar .
3500 ord
Approval signature: 
Silje Ims Lied