Semesters

RET301 Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen

Course code: 
RET301
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2019 Autumn
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Søkjarane må ha fullført førskule-/barnehagelærarutdanning eller tilsvarande utdanning og vere i arbeid i barnehage.

Course content

Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning for barnehagelærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehagen. I fylgje nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 15 studiepoeng rettleiing. Studiet skal gi studentane kompetanse i å rettleie studentar og gjennom dette styrke praksisopplæringa i grunnutdanninga. Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage - strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020».

Gjennom studiet får studenten omfattande kunnskap og innsikt i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis. Studiet rettar seg også inn mot kollektive læringsprosessar. Vidare er utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap sentralt. Emnet er på 30 studiepoeng.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

- varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet

- etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i barnehagelærarprofesjonen

- korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i barnehagen

- korleis ein kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap 

- studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar

- nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule

Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

- nytte forskingsbasert kunnskap om rettleiing i barnehagen

- bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty

- planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre

- stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå

- støtte og utfordre studentar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing

- analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar  

- ha ei kritisk haldning til eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv

- utøve etiske vurderingar i samband med rettleiing

- nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i organisasjonar

Learning outcome qualification

Generelt skal studenten:

- kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar

- ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet 

- kunne analysere og drøfte teoriar og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis

- ha innsikt i korleis dei kan nytte seg sjølve som reiskap for å støtte studenten i utvikling av sin personlege og profesjonelle kompetanse

Working and learning activities

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleier kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.

Det er til saman sju todagarssamlingar fordelt over to semester. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Det vert i tillegg gjennomført undervisning på Adobe Connect tilsvarande ei samling.

Undervegsvurdering 

Vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå medstudentar og faglærarar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar, videopresentasjon og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • Deltaking på sju obligatoriske todagarssamlingar og i undervisning på Adobe Connect tilsvarande ei samling

Arbeidskrav:

  • Gjennomføring av minimum fire rettleiingsøkter der studenten er rettleiar. Det skal skrivast logg frå rettleiinga.

  • Deltaking i minimum seks samlingar i nettverksgruppene.

  • Innlevering av dokumentasjon i form av to fagtekstar (maks 1200 ord) frå rettleiingsøkter på arbeidsplass og/eller i nettverksgruppene. Fagtekstene skal ha vekt på utvikling av eigen rettleiarkompetanse og nytte pensum i studiet. Fagtekstane skal vere levert og godkjent før ein får gjennomføre eksamen.

  • Presentasjon av og fagleg refleksjon over eit videoklipp frå ei rettleiingsøkt i nettverksgruppa for faglærar og medstudentar (gruppepresentasjon).

  • Refleksjonsnotat om rettleiing av utviklingsarbeid i barnehagen (2500 ord). Innhaldet i notatet skal vere retta mot korleis barnehagen kan rettleie studentar eller tilsette i barnehagen i eit utviklingsarbeid.

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Gerd Sylvi Steinnes
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Home exam
Individual
7 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Individuell, skriftleg heimeeksamen over sju dagar .
3500 ord
Approval signature: 
Anne Øie