Semesters

SABVP235 Klientretta tema, integreringsemne og bacheloroppgåve

Course code: 
SABVP235
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Klientretta tema, integreringsemne og bacheloroppgåve
Teaching semester: 
2017 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Klientretta tema, integreringsemne og bacheloroppgåve
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

SABVP111/SAF111, SABVP112/SAF112, SABVP121/SAF121, SABVP122/SAF122, SABVP125

Course content

I det avsluttande emnet i bachelorutdanning i sosialt arbeid - barnevernspedagog er det eit mål at tilført ny kunnskap skal medverke til integrasjon av tidlegare kunnskap. Det er eit mål å sjå profesjonsrolle i lys av faglege utfordringar som menneske med særskilte hjelpebehov har, og dei bidrag barnevernspedagogen kan gi i tverrprofesjonell samhandling. Studenten skal gjennom kunnskap i dette emnet vere i stand til å løfte fram, begrepsfeste og setje yrkesrelevante problemstillingar inn i teoretiske og praktiske perspektiv, og gjennom dette utvikle og vise analytisk kompetanse, kritisk og etisk refleksjon.

Innhald:

  • Administrasjon og leiing
  • Arbeidsplassen som læringsarena
  • Barnevernsfaglege perspektiv
  • Juridiske emne: rettar og tvang i velferdsretten, arbeidsrett
  • Kommunikasjon, samhandling og konflikthandtering
  • Planlegging
  • Psykisk helsearbeid
  • Rehabilitering
  • Rusrelatert arbeid
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Etter fullført emne skal studenten kunne ha:

  • nyare kunnskap og forsking om barn, unge og familie sin livssituasjon relevant for yrkesutøving
  • utdjupande kunnskap om rehabilitering, rusbehandling og psykisk helsearbeid og betydninga av tverrfagleg samarbeid
  • kunnskap om rettsreglar knytt til behandling og tvang
  • kunnskap om planleggingsteori, med særskilt vekt på kommunane sine utfordringar
  • kunnskap om administrasjon og leiing med særskilt vekt på tenester for barn, unge og menneske med samansette behov, arbeidsrett

 

 

Learning outcome skills

Etter fullført emne skal studenten kunne ha tilegna seg følgjande ferdigheiter:

  • analytisk evne når ein møter barn, unge og familie og kunne setje desse inn i relevante perspektiv for hjelp og meistring
  • etisk og fagleg refleksjonsdugleik over aktuelle problemstillingar, herunder juridiske vurderingar
  • føresetnader for utøving av godt fagleg skjøn i yrkessituasjonar
  • prosess- og samarbeidskompetanse, herunder konflikthandtering 
Learning outcome qualification

Etter fullført emne skal studenten kunne ha tilegna seg følgjande haldningar og generell kompetanse:

  • toleranse og ikkje-dømande haldning i møte med menneske i sårbare situasjonar
  • god forståing for barnevernspedagogen si rolle i hjelpeapparatet og dei rettsreglar som regulerer yrkesutøvinga
  • kompetanse i å setje yrkesrelevante problemstillingar og utfordringar inn i teoretiske og praktiske perspektiv
  • kunne reflektere kritisk med sikte på å få fram alternative perspektiv og handlingsstrategiar
  • syne god fagleg formidlingsevne
Working and learning activities

Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar. Delar av undervisninga kan bli gitt som blokkundervisning.

Eit sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåve inngår i emnet. Det blir undervisning og studentstyrt oppgåveseminar med rettleiarar.

Deler av pensum er sjølvvalt litteratur. Omfang, kriterier og pensum vil gå fram av semesterplan.

Deltakinga vert rekna for heile emnet med unntak av gruppebasert framlegg på seminar i yrkesfagleg veke og studentstyrt artikkelseminar, der deltakinga vert rekna for seg.

Alle arbeidskrav i SABVP131 må vere godkjende for å få starte på SABVP235.

Assessment requirements

Arbeidskrav

(må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen)

  • Gruppebasert skriftleg arbeid - om lag 1500 ord
  • Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar.

Arbeidskrava må vere innlevert og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluation

Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsseminar på klassenivå.

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Vidar Kjetil Myklebust
Gerd Skjong
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Bacheloroppgåva må ha karakteren E eller betre for at studenten kan framstille seg til munnleg eksamen.
om lag 9000 ord
Adjusting oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Til munnleg skal det inngå spørsmål knytt til pensum (inkludert sjøvvald pensum) frå 3. studieåret, og elles prøving av bacheloroppgåva. Det vil og bli lagt vekt på studenten si evne til å trekkje vekslar på kunnskap i studiet elles.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 06.10.16