Semesters

SABVP235 Klientretta tema, integreringsemne og bacheloroppgåve

Course code: 
SABVP235
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

SABVP125 og godkjende arbeidskrav i SABVP131.

Course content

I det avsluttande emnet i bachelorutdanning i sosialt arbeid - barnevernspedagog er målet at tilført ny kunnskap skal medverke til integrasjon av tidlegare kunnskap. Det er eit mål å sjå profesjonsrolle i lys av faglege utfordringar som menneske med særskilte hjelpebehov har, og dei bidrag barnevernspedagogen kan gi i tverrprofesjonell samhandling. Studenten skal gjennom kunnskap i dette emnet vere i stand til å løfte fram, begrepsfeste og setje yrkesrelevante problemstillingar inn i teoretiske og praktiske perspektiv, og gjennom dette utvikle og vise analytisk kompetanse, kritisk og etisk refleksjon.

Innhald:

  • Administrasjon og leiing
  • Barnevernsfaglege perspektiv
  • Juridiske emne: rettar og tvang i velferdsretten, arbeidsrett
  • Kommunikasjon, samhandling og konflikthandtering
  • Planlegging
  • Psykisk helsearbeid
  • Re-/habilitering
  • Rusrelatert arbeid
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • nyare forsking om menneske i sårbare livssituasjonar som er relevant for yrkesutøvinga
  • re-/habilitering, rusbehandling og psykisk helsearbeid, og verdien av tverrfagleg samarbeid
  • rettsreglar for behandling og tvang
  • planleggingsteori, med særleg vekt på kommunane sine utfordringar
  • administrasjon og leiing med særleg vekt på tenester for barn, unge og menneske med samansette behov arbeidsrett
Learning outcome skills

Studenten skal ha ferdigheiter i:

  • å avdekke særskilte behov i møte med menneske, og bruke relevante perspektiv for å hjelpe og fremje meistring hos brukar
  • å reflektere etisk og fagleg over aktuelle problemstillingar, og gjere juridiske vurderingar
  • å utøve fagleg skjøn i yrkessituasjonar
  • samarbeid, konflikthandtering og å arbeide prosessorientert
  • å planlegge og gjennomføre eit prosjekt med bacheloroppgåve
  • å presentere eige prosjekt med bacheloroppgåva skriftleg og munnleg
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne:

  • vise toleranse og ikkje-dømande haldning i møte med menneske i sårbare situasjonar
  • ha god forståing for barnevernspedagogens rolle i hjelpeapparatet og dei rettsreglane som regulerer yrkesutøvinga
  • bruke teoretiske og praktiske perspektiv til å forstå og handtere yrkesrelevante problemstillingar og utfordringar
  • reflektere kritisk med sikte på å få fram alternative perspektiv og handlingsstrategiar
  • vise god fagleg formidlingsevne
Working and learning activities

Undervisninga består av førelesingar, gruppeaktivitet, seminar, rettleiing og sjølvstudium.

Eit sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåve inngår i emnet.

Det vert stilt særskilde frammøtekrav til obligatoriske seminaraktivitetar. Ved semesterstart vert det gitt nærare informasjon om seminaraktivitetane og frammøtekrava. Informasjonen blir gitt i Canvas.  

 

Assessment requirements

Arbeidskrav som må vere gjennomførte og godkjente: 

  1. Gruppebaserte arbeidskrav
  2. Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere oppmøte i samsvar med krav som vert spesifisert i semesterplanen i Canvas.  

Alle arbeidskrav skal skrivast på norsk.
 

Obligatorisk frammøte: 

  1. Det vil gå fram av undervisningsplanar i Canvas kva delar av undervisninga som er obligatorisk. 
Evaluation system
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Vidar Kjetil Myklebust
Roar Stokken
Used in other programs
  • Social work, Child Welfare Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Individual or Group exam
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Bacheloroppgåva må ha karakteren E eller betre for at studenten kan framstille seg til munnleg eksamen.
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.
om lag 9000 ord +/- 10%
Adjusting oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
I den munnlege eksaminasjonen inngår spørsmål frå pensum i emnet og samtale om bacheloroppgåva. Kandidaten si evne til å underbyggje svar med kunnskap frå heile studiet vert lagt vekt på.
Studenten vel sjølv om den munnlege eksamenen vert halde på norsk eller engelsk.
Approval signature: 
Randi Bergem 25.02.2021