Semesters

SAFE151 Strukturelle vilkår for profesjonsutøving

Course code: 
SAFE151
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
20
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
Assessment semester: 
2023 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet legg vekt på å opparbeide kunnskap om sosialt arbeid sin plass i samfunnet og samfunnsinstitusjonane sin påverknad på sosialt arbeid. Profesjonsutøving har ein sentral plass i forvaltning av gode og verdiar i velferdssamfunnet. Utøvinga av sosialt arbeid går ofte føre seg i offentlege institusjonar, og alltid innanfor juridiske, organisatoriske og politiske strukturar.

Sosialarbeidaren er ofte i rolla som bakkebyråkrat, med mynde til å avgjere tildeling av gode til menneske som står overfor sosiale problem. Dei kanskje tydelegaste rammene finst i lovverk og rettssystem, som legg føringar på korleis profesjonsutøvinga i velferdssektoren kan og skal utførast for å sikre brukarane sine rettar. Samtidig set politiske modellar og mål grenser for kva verktøy ein har tilgjengeleg til å gi hjelp. Men også dei meir utydelege maktstrukturane i og mellom organisasjonar, der ulike profesjonar arbeider, påverkar handlingsrommet. Desse strukturane utgjer system av rammer som legg føringar (vilkår) på korleis sosialt arbeid kan utøvast: Rammene gir moglegheiter, men set også grenser for kva handlingsrom sosialarbeidaren har til å gi hjelp. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • Har grunnleggande kunnskap om velferdsstaten og ansvars- og oppgåvefordelinga i velferdsstaten
  • Har kunnskap om lover si grunnleggande tyding som strukturell ramme og kjennskap til sentrale rettsområde
  • Har kunnskap om strukturar og profesjonar i velferdsforvaltninga
  • Har kunnskap om velferdspolitiske mål og verkemidlar
  • Har forståing for tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid
  • Har grunnleggande kunnskap om korleis organisasjonar fungerer og teoriar om dette
  • Har kjennskap til ulike velferdsmodellar
  • Har kjennskap til samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor
  • Har kjennskap til vitskapsteori og samfunnsvitskapleg forskingsmetode
Learning outcome skills

Studenten:

  • Kan arbeide i grupper som planlegg, gjennomfører og evaluerer fagleg arbeid
  • Kan skrive enkle akademiske tekster med rett kjeldebruk og god struktur
  • Kan hente inn og vurdere relevant informasjon, som vitskapleg kunnskap, juridiske og politiske vilkår i ein praktisk samanheng
Learning outcome qualification

Studenten:

  • Har kunnskap om strukturar som bidreg til makt og kontroll
  • Har kunnskap om politiske og administrative beslutningsprosessar
  • Kan presentere og delta i diskusjonar om institusjonelle, juridiske og politiske krav i yrkesfeltet, skriftleg og munnleg
Working and learning activities

I emnet vert det brukt fleire arbeidsmåtar; førelesingar, sjølvstudiar, ekskursjon, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid. 

Assessment requirements

Arbeidskrav:

1a: Deltaking i innhenting av informasjon om strukturelle vilkår for profesjonsutøving
1b: Deltaking i seminarpresentasjonar om strukturelle vilkår for profesjonsutøving og som tilhøyrar til andre grupper
1c: Individuell oppgåve om strukturelle vilkår for profesjonsutøving, 2000 ord

2: Deltaking i presentasjonar i kasusseminar om velferds- og sosialpolitikk og som tilhøyrer til andre grupper

3a: Deltaking i seminarpresentasjonar om heimkommunar og som tilhøyrar til andre grupper
3b:Gruppeoppgåve om heimkommunar, 4000 ord

4: Gruppeoppgåve om juridiske tema. 2000 ord 

5: Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 prosent frammøte til undervisningsaktivitetar.

Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-7 om arbeidskrav

Maximum number of students: 
150
Person in charge: 
Lars Julius Halvorsen
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
  • Social work, Child Welfare Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk
Lovsamling eller Lovdata og ‘Huskelapp’ i samsvar med føringar i Canvas.
Approval signature: 
Randi Bergem 01.03.2023