Semesters
SASOS122 Prosjekt i praksis
SASOS112
Emnet gir høve til å utvikle kunnskap om og erfaring med prosjekt som arbeidsmåte. Prosjektet er eit enkelt forskingsprosjekt som er relevant for sosialt arbeid. Praksisomgrepet er nytta både fordi det gjeld praksis i prosjektarbeid, og fordi prosjektet handlar om praksisfeltet. Arbeidet skjer i grupper, gjerne på tvers av studieretningane (SOS og BVP).
Samarbeid med andre instansar, interne utviklingsprosjekt og klientretta arbeid tek ofte prosjektform. Forskingsdelen har relevans fordi den gir grunnlag for å utvikle forståing for korleis forsking og kunnskap vert bygt. Vidare er sjølve forskingsprosessen i prinsippet lik den som går føre seg når ein i sosialt arbeid undersøkjer ein situasjon/ei sak.
Emnet gir såleis høve til å utvikle kompetanse i å samle informasjon (gjennom t.d. intervju, observasjon og dokument), analysere denne og drøfte det ein finn i lys av teori innanfor rammene til eit prosjekt. Etisk refleksjon med basis i forskings- og profesjonsetikk er gjennomgåande for val som vert gjort i prosjektarbeidet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal kunne:
- gjere greie for prosjektarbeid som lærings- og arbeidsform
- gjere greie for vitskapleg datainnsamling, analyse og drøfting
- vurdere utfordringar knytt til datainnsamling og analyse
Studenten skal kunne:
- arbeide prosjektorganisert i samspel med andre
- gjennomføre eit enkelt forskingsprosjekt saman med andre
- samle inn data i samsvar med forskingsetiske retningslinjer
- presentere eigne forskingsresultat skriftleg og munnleg
Studenten skal kunne:
- oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
- reflektere kritisk over korleis ein som forskar og profesjonsutøvar påverkar dei ein observerer og/eller samhandlar med
- reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner
- reflektere over utfordringar i gruppeprosessar/teamarbeid
- gjere kritiske vurderingar av innsamla data og svakheiter i eigen analyse
Prosjektpraksis går føre seg i grupper. Gjennomføringa er i all hovudsak studentane sitt ansvar. Studentane vel sjølv tema, utformar problemstilling og har ansvaret for organisering og framdrift.
Kvar prosjektgruppe har rettleiar, oppnemnt av instituttet.
Deltaking vert rekna for både undervisning og rettleiing.
Alle arbeidskrav i SASOS122 må vere godkjende for å få starte på SASOS125.
Arbeidskrav gruppeeksamen:
- Prosjektplan (gruppeinnlevering)
Arbeidskrav munnleg eksamen:
- Aktiv deltaking i presentasjonar av eige prosjekt og som tilhøyrar til andre grupper sine presentasjonar
- Skriftleg arbeidskrav (essay på omlag 2000 ord med utgangspunkt i gitt tema). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisning og rettleiing
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Social Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Rapport | Group | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 49 | ◦Gruppebasert prosjektrapport på omlag 9000 ord. | omlag 9000 ord | ||
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 51 | Tema kan vere: - Innhald i prosjektrapport - Arbeidsprosessen fram til prosjektrapport - Pensum |