Semesters

SOS151A Introduksjon til sosialt arbeid

Course code: 
SOS151A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Sosionomutdanninga er ei profesjonsutdanning med eit særskilt samfunnsmandat, og sosionomen skal ha særskilt kompetanse i å arbeide med personar med sosiale problem i alle aldrar. I dette første introduksjonsemnet vert det difor fokusert på sosialt arbeid som arbeidsfelt og sosionomen si rolle og arbeidsoppgåver i ulike delar av yrkesfeltet. I løpet av dette emnet vil studentane starte si første utvikling som reflekterte profesjonsutøvarar. Studenten vil få kunnskap om sentrale perspektiv i sosialt arbeid, i tillegg til å legge grunnlaget for god studieteknikk og skriveferdigheiter. Det vert elles lagt vekt på utvikling av ferdigheiter i kommunikasjon, samhandling, gruppeprosessar og haldningar knytt til etisk forståing.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • Har kunnskap om sosialt arbeid sitt fagområde og samfunnsmandat
  • Har kunnskap om eigen profesjon, yrkesfeltet for sosionomar og om sosialt arbeid si historie
  • Har kunnskap om sentrale perspektiv, teoriar og omgrep i sosialt arbeid med individ, familiar, grupper og samfunn
  • Har brei kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling i utøving av sosialt arbeid
  • Kjenner til betydninga av erfarings- og brukarkunnskap i utøving av sosialt arbeid
  • Har kunnskap om sosialt arbeids profesjonsetikk, etiske verdiar, dilemma og problemstillingar i sosialt arbeid
Learning outcome skills

Studenten:

  • Kan reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som yrkesutøvar
  • Kan anvende fagleg kunnskap, gjere greie for fagomgrep og teoriar, og bruke desse til å forklare fenomen i sosialt arbeid
  • Kan anvende grunnleggjande prinsipp i studieteknikk og akademisk skriving for å tileigne seg ny kunnskap
  • Kan formidle fagleg kunnskap og faglege refleksjonar både munnleg og skriftleg
  • Kan samhandle med andre i undervisningsopplegg og gruppearbeid
Learning outcome qualification

Studenten:

  • Har innsikt i menneskesyn, verdiar og profesjonsetikk i sosialt arbeid
  • Har innsikt i korleis valet om å bli sosialarbeidar er kopla til eiga livshistorie, og korleis livshistoria verkar inn på relasjonar ein skaper og val ein gjer i utøving av sosialt arbeid
  • Har innsikt i eiga rolle i gruppearbeid og i dynamikken i gruppeprosessar ein tek del i
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med medstudentar og rettleiarar om sentrale perspektiv, teoriar og omgrep i sosialt arbeid
  • Kan planleggje og gjennomføre skriftlege og munnlege arbeidsoppgåver åleine og som deltakar i ei gruppe
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom sjølvstudium, forelesningar, seminardeltaking og stor grad av arbeid i mindre grupper.

Assessment requirements

Arbeidskrav:

  1. Deltaking i grupperettleiing
  2. Innlevering av førsteutkast av eksamensoppgåva
  3. Deltaking i individuell rettleiing
  4. Refleksjonsnotat om eiga profesjonelle utvikling
  5. Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 prosent frammøte til undervisningsaktivitetar.

Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-7 om arbeidskrav.

Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Kristin Ljoså Sørheim
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Pass / fail
100
Kandidaten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. Oppgåva går over seks veker.
Alle.
2500 ord +/- 10 %
Approval signature: 
Randi Bergem 08.04.2022