Semesters

SOS154 Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid

Course code: 
SOS154
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
Assessment semester: 
2021 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Bestått eksamen SOS151

Course content

Emnet gir høve til å utvikle kunnskap om og erfaring med prosjekt som arbeidsmåte. Prosjektet er eit enkelt forskingsprosjekt som er relevant for sosialt arbeid. Praksisomgrepet er nytta både fordi det gjeld praksis i prosjektarbeid, og fordi prosjektet handlar om praksisfeltet. Arbeidet skjer i grupper, gjerne på tvers av studieretningane (SOS og BVP).

Samarbeid med andre instansar, interne utviklingsprosjekt og klientretta arbeid tek ofte prosjektform. Forskingsdelen har relevans fordi den gir grunnlag for å utvikle forståing for korleis forsking og kunnskap vert bygt. Vidare er sjølve forskingsprosessen i prinsippet lik den som går føre seg når ein i sosialt arbeid undersøkjer ein situasjon/ei sak.

Emnet gir såleis høve til å utvikle kompetanse i å samle informasjon (gjennom t.d. intervju, observasjon og dokument), analysere denne og drøfte det ein finn i lys av teori innanfor rammene til eit prosjekt. Etisk refleksjon med basis i forskings- og profesjonsetikk er gjennomgåande for val som vert gjort i prosjektarbeidet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • samfunnsvitskaplega metodar og deira moglegheiter og avgrensingar
  • forskings- og utviklingsarbeid relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt
  • korleis ein kan gjere greie for vitskapleg datainnsamling, analyse og drøfting
  • korleis ein kan vurdere utfordringar ved datainnsamling og analyse 
  • korleis ein kan gjere greie for prosjektarbeid som lærings- og arbeidsform
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • bruke digitale verktøy og relevant teknologi
  • arbeide prosjektorganisert i samspel med andre
  • gjennomføre eit enkelt forskingsprosjekt saman med andre
  • samle inn og analysere data i samsvar med forskingsetiske retningslinjer
  • presentere eigne forskingsresultat skriftleg og munnleg
Learning outcome qualification

Studenten kan:

  • dokumentere og formidle faglege vurderingar, munnleg og skriftleg
  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  • reflektere kritisk over korleis ein som forskar og profesjonsutøvar påverkar dei ein observerer og/eller samhandlar med
  • reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • reflektere over utfordringar i gruppeprosessar/teamarbeid
  • gjere kritiske vurderingar av innsamla data og svakheiter i eigen analyse
Working and learning activities

Prosjektpraksis går føre seg i grupper. Gjennomføringa er i all hovudsak studentane sitt ansvar. Studentane vel sjølv tema, utformar problemstilling og har ansvaret for organisering og framdrift.

Kvar prosjektgruppe har rettleiar, oppnemnt av instituttet.

Deltaking vert rekna på grunnlag av både undervisning og rettleiing.

 

 

Assessment requirements

Arbeidskrav gruppeeksamen: 

  1. Prosjektplan (gruppeinnlevering)

Arbeidskrav munnleg eksamen:

  1. Aktiv deltaking i presentasjonar av eige prosjekt og som tilhøyrar til andre grupper sine presentasjonar
  2. Skriftleg arbeidskrav (essay på omlag 2000 ord med utgangspunkt i gitt tema). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisning og rettleiing

Alle arbeidskrav skal skrivast/ gjennomførast på norsk.

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Roar Stokken
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Rapport
Group
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
49
Gruppebasert prosjektrapport på omlag 9000 ord.
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.
omlag 9000 ord
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
51
Tema kan vere:
- Innhald i prosjektrapport
- Arbeidsprosessen fram til prosjektrapport
- Pensum

Studenten vel sjølv om den munnlege eksamenen vert på norsk eller engelsk.
Approval signature: 
Randi Bergem 22.03.2021