Semesters

SP1-110KFK Læringsmiljø og åtferd

Course code: 
SP1-110KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
Assessment semester: 
2023 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

I emnet er omgrepa åtferd og læringsmiljø og samanhengen mellom dei hovudsak. Siktemålet er å gi innsyn i korleis desse omgrepa og relasjonane mellom dei kan legge eit grunnlag for inkluderande opplæring i skulen. Studentane får omfattande kunnskapar om årsaker og ulike spesialpedagogiske tiltak i skulen for elevar som syner ei åtferd som kan hindre læring for eleven sjølv og for dei rundt. Læringsmiljø er eit omfattande omgrep, ofte forstått som kulturelle, relasjonelle og fysiske tilhøve i skulen som er sentral for læring, utvikling og trivsel. Studentane skal tileigne seg innsikt i kva samanhengar det kan vere mellom kvaliteten på læringsmiljøet og kva åtferdsuttrykk som kjem til syne i ulike situasjonar. Det faglege innhaldet i emnet er sentralt i skulebasert kompetanseutvikling som skal bidra til utvikling av læringsmiljø som reduserer utfordringar relatert til åtferd.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

  • har kunnskap om skulen som organisasjon og om endringsarbeid
  • kunnskap om ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på åtferd og psykososialt miljø i skulen
  • har forskingsbasert kunnskap om læringsmiljø forankra i inkluderande haldningar og handlingar  
  • har kunnskap om samanhengane mellom pedagogisk leiing og åtferd, og konsekvensane dette kan ha for læringsmiljøet
  • har kunnskap om tidleg innsats som generelt pedagogisk prinsipp og som tidleg iverksetting av tiltak ved avdekking av vanskar 
Learning outcome skills

Kandidaten:

  • kan analysere og forstå åtferd i både i eit individ- og systemperspektiv
  • kan analysere vilkår for læring og utvikle inkluderande læringsmiljø som grunnlag pedagogisk praksis i skulen
  • kan arbeide med tidleg innsats som eit generelt pedagogisk prinsipp og kunne tidleg avdekke behov for tettare oppfølging for å hindre negativ utvikling
Learning outcome qualification

Kandidaten:

  • kan leie læringsarbeidet gjennom å forstå, handtere og førebyggje utfordringar knytt til åtferd  
  • kan reflektere over samanhengen mellom læringsmiljøet og eleven si åtferd
  • kan bidra med spesialpedagogiske perspektiv i skulen sitt utviklingsarbeid
Working and learning activities

Emnet er eit nett- og samlingsbasert, med tre samlingar. Samlingane blir gjennomført i Volda, og går over to dagar kvar. Det er to mellomarbeid i emnet, eitt mellom kvar samling. Mellomarbeida skal samla erstatte to samlingar i arbeidsmengd. 

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Mellomarbeida er organisert som digitale oppgåver/innleveringar av ulike storleikar.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga jamfør Forskrift om Opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Skriftleg gruppeoppgåve. Arbeidet vert i hovudsak organisert som samskriving på nett.
  2. Munnleg individuell presentasjon knytt til utvalde tema frå emnet. I tillegg skal studentane gje ein individuell opposisjon til ein medstudent sin presentasjon.
Maximum number of students: 
70
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle hjelpemiddel tillatne
3000 ord (+/- 10 %).
Approval signature: 
Arne Myklebust