Semesters

SP2-110KFK Språk-, matematikk- og leseutvikling

Course code: 
SP2-110KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet omhandlar vanskar knytt til språk, lesing, skriving og matematikk, og korleis legge til rette for utvikling og læring på desse områda. Språkleg meistring er ein basisføresetnad for ein inkluderande skule. Emnet vil gi kunnskap om korleis skulen kan bygge opp den språklege plattforma hos elevane for å gi eit godt grunnlag for lesing, skriving og rekning. Å skape forståing for viktige element i utviklinga av elevane sin kompetanse og korleis praktisk møte dei i opplæringa i skriving, lesing og matematikk er såleis viktige delemne. Det blir gitt eit kontekstuelt og interaktivt perspektiv på utfordringar knytt til språk, lesing, skriving og rekning. Samtidig blir det også peika på korleis legge til rette for læring og utvikling innanfor desse områda. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Kandidaten 

  • har avansert kunnskap om ulike teoretiske perspektiv på språk- og kommunikasjon 
  • kan analysere faglege problemstillingar om språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar og samanhengane mellom desse 
Learning outcome skills

Kandidaten 

  • forstår og analyserer vanskar innan områda språk, lesing og skriving og matematikk 
  • kan legge til rette og vurdere læringsaktiviteter for barn og elevar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar 
Learning outcome qualification

Kandidaten  

  • kan anvende sine kompetansar og ferdigheiter med tilrettelegging og vurdering av opplegg ved skriftspråklege vanskar, språkvanskar og matematikkvanskar  
  • kan identifisere og analysere elevar si utvikling innan matematikk, språk-, lese-, og skriveutvikling 
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, mellomarbeid, arbeid i grupper og individuelt arbeid. 

Assessment requirements

Frammøtekrav: 

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga jamfør Forskrift om Opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav

  1. Arbeid i læringsgrupper der studentane skal drøfte sjølvvald problemstilling. Teoretisk refleksjonstekst på 2 000 ord (+/- 10 %) med sjølvvald problemstilling.
  2. Multimodal tekst på maksimum 500 ord (+/- 10%) knytt til sentrale tema frå emnet.  

 

Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Beate Farstad
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
1 Week
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
4000 ord +/- 10%
Approval signature: 
Arne Myklebust