Semesters

TOD109 Spill for kamera

Course code: 
TOD109
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian / English
Required prerequisite knowledge

60 stp i teaterfag (minimum 30 stp i skodespelarteknikk).

Course content

Emnet er eit introduksjonsemne til skodespelarteknikk for kamera, og vil ha eit praktisk-metodisk fokus.
Studentane vil m.a. jobbe med:

  • Grunnteknikkar for innstudering av tekst og scener. 
  • Praktisk-teoretisk innføring i skodespelarbeid for kamera.
  • Innspelingar av ulike filmsjangrar og format.
  • Enkelt etterarbeid, der ulike tagninger skal nyttast i same scene (kontinuitet/script/montasje)
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om metodar og verkemiddel for skodespel for kamera.
  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi innan utvalde retningar i filmskodespel.
  • har kunnskap om filmskodespelaren sin prosess.
Learning outcome skills

Studenten

  • har grunnleggjande ferdigheiter i skodespelteknikk for kamera.
  • kan nytte fagterminologi og reflektere over ulike filmproduksjonar i utvalde retningar, både munnleg og skriftleg.
  • kan formidle ein karakters mål og funksjon.
  • kan ta regi av ein regissør/instruktør i ein praktisk opptakssituasjon.
Learning outcome qualification

Studenten

  • har sjølvstendige rutinar for oppvarming og vedlikehald av kropp og stemme, og innstudering av tekst og karakter.
  • kan samarbeide med faglærar og medstudentar i praktisk og teoretisk arbeid med film.
Working and learning activities

Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil ha ulike former som: 

  • praktiske øvingar for kamera.
  • filminnspelingar.
  • seminar og workshops.
  • filmvisingar og meldingar.
  • gruppearbeid.
  • eigenvurdering og reflekterande logg.
Assessment requirements

Frammøtekrav:

Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80% i alle praktiske filmprosjekt og i undervisning. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • To godkjende innspelingar.
  • Ei skriftleg filmmelding av eigen eller medstudent si innspeling.
  • Godkjend reflekterande logg over eiget arbeid på emnet.

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Huskino, for eit ope publikum, med prosessvisningar av eige arbeid.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
16
Person in charge: 
Vibeke Preus
Used in other programs
  • Theatre and Drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Produkt/produksjon
Individual
1 Week
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
70
Digital eksamen. Ein 3-5 minutt lang Show-reel, der studenten presenterer eit utval av eige innspelingsarbeid gjort i emnet.
Alle
3-5 minutt
Oppgave
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Digital eksamen. Ei skriftleg heimeoppgåve på 1000-1500 ord. Kandidaten skal reflektere over og drøfte ulike utfordringar i filmskodespel i lys av aktuell teori og eige arbeid.
Alle
1000-1500 ord.