Semesters
UL306 Masteroppgåve, heiltid
Rienecker, L. & Stray Jørgensen, P. (2013). Den gode oppgaven: Håndbok i oppgaveskriving på universitet og høyskole. Bergen: Fagbokforlaget.
(OBS: Berre ein tittel er pensum i emnet)
Fullført og bestått dei første fire fagemna i mastergraden.
Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i UL305 Vitskapsteori og forskingsmetode.
Mastergradsoppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid med relevans for arbeid i barnehage og skule. Oppgåva skal omfatte planlegging og gjennomføring av eit forskingsprosjekt og rapportering av det gjennom ei masteroppgåve. Normalt skal masteroppgåva også omfatte ei empirisk undersøking. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til pågåande FoU-arbeid ved HVO.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Studentane skal ha inngåande kunnskap om
- formelle krav til ei vitskapleg oppgåve
- aktuell forskings-, teori- og metodediskusjon med relevans for problemstillinga i oppgåva
- eit avgrensa forskingsfelt som oppgåva tek opp
Studentane skal kunne
- bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt og velje relevant teori som reiskap i forskingsprosjektet
- bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
- vurdere og handtere etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Studentane kan
- analysere problemstillingar i sitt fagområde og bidra til utvikling av fagområdet
- formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
- vere deltakar i individuelle og kollektive forskingsprosjekt
Det vert gjennomført to prosjektseminar/samlingar over to dagar, samt ein nettbasert samlingsdag, alle med obligatorisk deltaking. Studenten skal under rettleiing utarbeide forskingsplan. Forskingsplanen må vere godkjent før sjølve oppgåvearbeidet kan starte.
Oppgåva skal gjennomførast som individuelt arbeid med rettleiing. Rettleiinga er ein vesentlig del av arbeidet med masteroppgåva. Kvar student får oppnemnt rettleiar. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje praktiske råd om eventuell datainnsamling, og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde.
Godkjend forskingsplan i eit omfang på om lag 2000 ord.
Eit førsteutkast til kunnskapsgrunnlag og metode på minst 7000 ord skal leverast og godkjennast i løpet av første semesteret.
Tidspunkt for levering vert gitt i starten av semesteret.
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga på samlingane.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Special Education - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Master's thesis | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane. | Om lag 32 000 ord +/- 10 % (samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). |