Sjå liste over studieplanar som starter på:

Examen philosophicum (nettstudium)

Program of study: 
Examen Philosophicum
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
10
Duration: 
1 semester
Year: 
2016
Number of students: 
40
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse.

About

Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første er på fem stp og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre er på tre stp og omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje, på 2 stp, dreier seg om generell vitskapsfilosofi.

Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp)

Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. 

Del 2: Etikk (3 stp)

Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.

Del 3 Vitskapsfilosofi (2 stp)

Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Learning outcome knowledge

Etter avslutta studium skal studenten

ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om

ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider

ha særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk

Learning outcome skills

Etter avslutta studium skal studenten

ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkemåtar og metodar og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium

ha tileigna seg innsikt i grunnleggane omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk

Learning outcome qualification

Etter avslutta studium skal studenten

ha utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på

Content structure

Dette studieprogrammet inneheld berre eitt emne, EXP100-AVG. Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisninga har form av leksjonar på Fronter, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum på Fronter, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post.Det vert utarbeidd detaljert ein plan/kalender over nettundervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av minioppgåvene. I løpet av semesteret skal kvar student skrive tre minioppgåver – ei i filosofihistorie, ei i etikk og ei i vitskapsfilosofi. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 5500 teikn utan mellomrom (ca. 1000 ord) og skal leverast i Fronter innan oppgjevne tidsfristar. Lærar kommenterer og vurderer dei tre oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.

Examen philosophicum (nettstudium)
Navn: 
Examen philosophicum (nettstudium)
Course2016 Autumn2017 Spring
1010
Expenses

kr. 2500 + semesteravgift

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Haust 2016: Knut-Willy Sæther, tlf. 70075340, e-post setherk@hivolda.no Vår 2017: Jonas Gamborg Lillebø, tlf. 70075429, e-post jonas.gamborg.lillebo@hivolda.no