Sjå liste over studieplanar som starter på:

Friluftsliv

Program of study: 
Outdoor Life - year course
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2016
Number of students: 
30
Type of study: 
Year programme
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og tilrettelegge for auka friluftslivsdeltaking i samfunnet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av Bachelor i Friluftsliv ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i friluftsliv for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og unge. Studiet gir eit godt grunnlag for naturguidestudium.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studie:

 

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
  • har kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid
  • har kunnskap som gir eit godt grunnlag for å vegleie og undervise i friluftsliv
  • har kunnskap som gir ei god plattform for vidare studium i friluftsliv
  • har bakgrunn for og erfaring i vegleiing/undervisning i og om naturen
Learning outcome skills

Studenten 

  • har ferdigheiter som gir godt grunnlag for sikker ferdsel i ulike naturtypar under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
  • har grunnleggande ferdigheiter og kan formidle haldningar som gjer at ein kan ferdast trygt i naturen med enkle hjelpemiddel
Learning outcome qualification

Studenten 

  • har forståing for faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling og forvaltaransvar, og utvikle samhandling i naturen
  • kan vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til å takle ulike utfordringar i naturen
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom praktiske opplegg ute i naturen
Content structure

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 30 studiepoeng, som byggjer på kvarandre. IFL105 Frå fjøre til fjell. Første emnet har vekt på basisferdigheiter, friluftsliv ved kysten, friluftsliv fra fjøre til fjell, kanopadling, ulike tauaktivitetar og sikring. I tillegg til dagsturar blir det ca. fire veker til saman med overnatting ute. Ei veke med eigenferd i grupper, samt åleinetur er lagt inn på hausten, saman med ca. ei veke observasjonspraksis. Viktige tema er friluftslivspedagogikk og veglederlære, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære. IFL106 Snø, ski og bre. Andre emne har hovudtema snø, ski, fjell og bre. Snø- og skredlære er eit viktig fokus tidlig på vinteren. Det blir opphald på fjellhytte i Sunnmørsalpane, før turar i vinterskog og vinterfjell. Seinare på våren kjem vårskisamling og bresamling. I tillegg til tre til fire veker med utandørs overnatting med vegleder kjem ein til to veker med fordjuping og eigenferd.

Friluftsliv årsstudium
Navn: 
Friluftsliv årsstudium
Informasjon

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 30 studiepoeng, som byggjer på kvarandre.

IFL105 Frå fjøre til fjell.
Første emnet har vekt på basisferdigheiter, friluftsliv ved kysten, friluftsliv fra fjøre til fjell, kanopadling, ulike tauaktiviteter og sikring. I tillegg til dagsturar blir det ca fire veker til saman med overnatting ute. Ei veke med eigenferd i grupper, samt åleinetur er lagt inn på hausten, saman med ca. ei veke observasjonspraksis. Viktige tema er friluftslivspedagogikk og veglederlære, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære.

IFL106 Snø, ski og bre.
Andre emne har hovudtema snø, ski, fjell og bre. Snø og skredlære er et viktig fokus tidlig på vinteren. Det blir opphald på fjellhytte i Sunnmørsalpane, før turar i vinterskog og vinterfjell. Seinare på våren kjem vårskisamling og bresamling. I tillegg til tre til fire veker med utandørs overnatting med vegleder kjem ein til to veker med fordjuping og eigenferd.

Course2016 Autumn2017 Spring
30
30
Requirements

Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil ein bu i telt, bevege seg i ulendt terreng og bere oppakning. Studentane må vere symjedyktige

Professional training

Fire dagar observasjonspraksis og fem dagar vegleiarpraksis.

Expenses

Det blir kravd inn kr 400,- pr. semester i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

Utgifter: Studentene må sjølv sørge for transport til og frå samlingar, samt dekke økonomiske utgifter til desse turane.

Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
-