Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg studium som gir studentar teoretisk og empirisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen/barnehagen gir. Studiet gir kompetanse for pedagogisk arbeid med born, ungdom og vaksne i ein fleirspråkleg og fleirkulturell læringssituasjon. Studiet ønskjer å kome i møte den store etterspurnaden etter denne kompetansen i både barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og i vaksenopplæringa.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium.
Studenten skal ha:
• kunnskap om forholdet mellom identitet, kultur og sosialiseringsprosessar
• kunnskap om fleirspråklegheit og korleis ein kan ta vare på og utvikle språkleg og kulturelt mangfald.
• ha kunnskap om rasisme og korleis ein kan utvikle eit antirasistisk læringsmiljø
• kunnskap om norsk i eit andrespråksperspektiv, om andrespråkslæring og andrespråksundervisning
Studenten skal kunne:
• analysere og handtere pedagogiske og fagdidaktiske utfordringar og moglegheiter i den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen/barnehagen
• skape eit læringsmiljø som bidreg til å motvirke fordommar og diskriminering
• gjennomføre norskopplæring for born, unge og vaksne med eit anna morsmål enn norsk
Studenten skal:
• kunne nytte fagleg innsikt og kompetanse for utvikling av antirasistisk og tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
Studiet er sett saman av emna Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 1 (15 stp) og Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 2 (15 stp). Emne 1 er lagt til haustsemesteret, og emne 2 er lagt til vårsemesteret. Det er ein føresetnad at studentane byrjar med emne 1. Stått eksamen på emne 1 er ein føresetnad for å kunne ta emne 2.
Undervisninga er fordelt på fire samlingar om hausten og fem samlingar om våren. Kvar samling går over to heile dagar. Undervisningsopplegget er obligatorisk. I emne 1 skal studentane gjennomføre eit feltarbeid i barnehage, skule eller annan institusjon der det skjer fagleg arbeid retta inn mot språklege minoritetar.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
For studentar som tek studiet som del av grunnskulelærarutdanninga - sjå gjeldande praksisplan for utdanninga.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem