Norsk - vidareutdanning på masternivå
Studiet er ei vidareutdanning på masternivå knytt til skulefaget norsk, og det er retta mot deg som har lærarutdanning og minimum 60 studiepoeng i norsk frå før. Emnet er på masternivå, og det betyr at undervisninga er forskingsbasert, og at studiet ber større preg av fordjuping enn lågare grads studium.
Studiet gir inngåande kjennskap til desse emna, kvar på 15 studiepoeng:
- Norskfaget, norsklæraren og klasserommet
- Lese- og skrivekunne
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Etter fullført studium skal studenten ha:
- inngåande kunnskap om lesing og skriving som grunnleggande ferdigheiter, og om literacy- og sjangerforsking
- inngåande kunnskap om lesing og skriving som heilskapleg kompetanse: nynorsk og bokmål, hovudmål og sidemål, og norsk som andrespråk
- forskingsbasert kunnskap om tekstresepsjon, tekstproduksjon og tekstrefleksjon i eit multimodalt perspektiv
- inngåande kunnskap om hovudtrekka i norskfagets historiske utvikling med vekt på faget sine normtekstar og legimering knytte til dei, og deldisplinar i faget
- teoretisk og metodisk kunnskap om klasseromsforsking
- kunnskap om og innsikt i språknormering og skulen si rolle som normberar.
Etter fullført studium skal studenten kunne:
- undervise og legge til rette for lese- og skriveopplæring for ulike elevgrupper, og kunne drive forskings og utviklingsarbeid i lese- og skrivefeltet
- vurdere kritisk, og bruke, ulike kartleggingsverktøy, testar og prøver i lesing og skriving i eit utviklingsperspektiv
- sjå korleis multimodale ytringar utvidar tekstomgrepet og vilkåra for kommunikasjon, og kunne nyttegjere seg dette i klasserommet
- sjå korleis dagens norskfag med sine deldisiplinar er eit resultat av ulike kunnskaps- og danningstradisjonar
- planlegge og gjennomføre norskfagleg og/eller norskdidaktisk klasseromsforsking, der ein skil mellom observasjon og tolking
- anvende og bruke kunnskap om språknormering i opplæring, rettleiing og vurdering.
Studenten skal:
- kunne gi forskingsbasert opplæring i skulens norskfag i møte med ulike elevgrupper: undervisning, rettleiing og vurdering
- ha eit overordna perspektiv på norskfaget og deldisiplinar innan norskfaget i møte med ulike styringsdokument
- kunne leie norskfaglege utviklingsprosjekt og mindre forskingsprosjekt: utføre systematisk observasjon og informasjonsinnhenting og ha analytisk kompetanse.
Studiet består av to obligatoriske emne på 15 studiepoeng. ULNO304 i haustsemesteret og ULNO303 i vårsemesteret. Begge emna har fem samlingar på to dagar. Det er obligatorisk oppmøte på samlingane.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med kvalitetssikringssystemet til Høgskulen i Volda.