Forvaltningsarbeid, nettstudium
Studiet skal gi folk som driv med sakshandsaming eit vidare perspektiv og ei vidare kvalifisering i yrkeskarrieren. Studiet gir ei kort innføring i:
- Offentleg forvaltning - prosessar og strukturar.
- Styring, kontroll, omstilling.
- Brukarorientering.
- Styringsmåtar i offentleg forvaltning.
- Økonomistyring og personaladministrasjon.
- Offentligrettslige emne (forvaltningsloven og arbeidsrett)
Studiet er frittståande, men kan etter nærare søknad inngå som ein valfri del av bachelorstudiet i planlegging og administrasjon. I kombinasjon med andre emne i bachelorstudiet er forvaltningsarbeid med på å komplettere ei utdanning som kan forsyne norsk offentleg forvaltning med allsidig utdanna sakshandsamarar, planleggjarar og leiarar.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten·har kunnskap om
- viktige funksjonar i offentleg forvaltning· og korleis forvaltninga er organisert
- viktige forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg og juridisk tenkemåte
Studenten kan
- gjere greie for sentrale element ved norsk forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til forvaltninga·
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Studenten kan vise evne til refleksjon og kritisk tenking knytt til sentrale problemstillingar i forvaltninga.
- Nettleksjonar.
- Streaming av enkelte forelesingar.
- Tilbod om rettleiing på arbeidskrav.
- Diskusjonsforum på nettet.
Det elektroniske klasserommet Fronter vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Studiet startar med ei innføring i bruken av Fronter. Studiet føreset at studenten er aktiv på Fronter.
Course | 2017 Autumn |
---|---|
15 | |
Sum (15 total) | 15 |
Kr 4.000,-
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.