Sjå liste over studieplanar som starter på:

Norsk (nordisk) årsstudium, deltid

Program of study: 
Norwegian (Nordic) Foundation Course
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
4 semesters
Year: 
2017
Number of students: 
40
Type of study: 
Year programme
Study mode
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for opptak til mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.

Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag.

Undervisninga i det samlingsbaserte årsstudiet blir gitt gjennom samlingar (fire samlingar pr. emne) og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
  • vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng
Learning outcome skills

Studenten skal vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar

Learning outcome qualification

Studenten skal

  • kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
  • ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Content structure

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.

Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.

NO111S: Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.

NO112S: Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.

NO113S: Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.

NO114S: Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre uliker periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Norsk (nordisk) årsstudium, deltid (oppstart haust)
Navn: 
Norsk (nordisk) årsstudium, deltid (oppstart haust)
Course2017 Autumn2018 Spring2018 Autumn2019 Spring
15
15
15
15
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Stig Jarle Helset