See list of study plans starting on:

Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen

Program of study: 
Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage
Level of study: 
Master
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2018
Number of students: 
15
Type of study: 
Further education (master's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Søkjarane må ha fullført førskule-/barnehagelærarutdanning eller tilsvarande utdanning og vere i arbeid i barnehage.

About

Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning for barnehagelærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehagen.

Gjennom studiet får studenten omfattande kunnskap og innsikt i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis. Studiet rettar seg også inn mot kollektive læringsprosessar. Vidare er utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap sentralt. Emnet er på 30 studiepoeng.

National regulations

I fylgje nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 15 studiepoeng rettleiing. Studiet skal gi studentane kompetanse i å rettleie studentar og gjennom dette styrke praksisopplæringa i grunnutdanninga. Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage - strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020».

Learning outcome

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

- varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet

- etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i barnehagelærarprofesjonen

- korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i barnehagen

- korleis ein kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap 

- studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar

- nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule

Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

- nytte forskingsbasert kunnskap om rettleiing i barnehagen

- bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty

- planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre

- stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå

- støtte og  utfordre studentar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing

- analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar  

- ha ei kritisk haldning til eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv

- utøve etiske vurderingar i samband med rettleiing

- nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i organisasjonar

-

Learning outcome qualification

Generelt skal studenten:

- kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar

- ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet 

- kunne analysere og drøfte teoriar og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis

- ha innsikt i korleis dei kan nytte seg sjølve som reiskap for å støtte studenten i utvikling av sin personlege og profesjonelle kompetanse

--

Content structure

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.

Det er til saman sju todagarssamlingar fordelt over to semester. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Det vert i tillegg gjennomført undervisning på Adobe Connect tilsvarande ei samling.

Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen
Navn: 
Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen
Course2018 Autumn2019 Spring
Rettleiarutdanning for barnehagelærar
30
 
1515
Requirements

Studentane må ha tilgang til pc med program som kan ta inn undervisning i Adobe Connect

Professional training

Studentane skal gjennomføre rettleiing på eigen arbeidsplass og rettleiing av medstudentar

Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes. T: 70075267 E: gerds@hivolda.no