Naturfag 1 for 5.-10. årssteg. «Kompetanse for kvalitet».
Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ikkje noko naturfag i si tidligare utdanning. Innhaldet i studiet svarar til Naturfag 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. årssteg. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planleggje, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i naturfag. Studenten skal tileigne seg kompetanse til å undervise naturfag i dagens skule, samt kunne bidra til å utvikle og forme framtidas naturfag ved eigen skule.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- skal ha grunnleggjande kunnskapar på fagområda biologi, fysikk, geofag og kjemi, tilstrekkelig for å undervise på 5.-10. årssteg i grunnskulen
- skal ha kunnskap i naturfagdidaktiske tema som er relevante for fagstoffet og undervisninga i skulen
- skal ha kjennskap til naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen undervisningskunnskap og for elevar si læring
Studenten
- skal kunne planlegge, gjennomføre og vurdere naturfagundervisning for elevar på 5.-10. årssteg
- skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hjå elevane
- skal kunne knytte kunnskap i naturfagdidaktiske tema til eigen undervisning i faget
Studenten
- skal øve opp evna til kritisk tenking på områder i samfunnet der naturvitskap er relevant
- skal øve opp evna til refleksjon kring elevar sitt forhold til naturfag og naturvitskap i og utanfor skulen
- skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre, og utvikle, naturfagundervisning
Studiet er sett saman av dei to emna NF101-510KFK (haust) og NF102-510KFK (haust eller vår), kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga går føre seg på nett. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, to samlingar per semester á 2-3 dagar, sjå Forskrift om studium og eksamen § 4-6. Studiet inneheld skriftlege arbeidskrav og sluttvurderingar gjennomførast i form av skriftleg eksamen.
Course | 2018 Autumn | 2019 Spring |
---|---|---|
NF102-510KFK kan tas enten høst eller vår | 15 | 15 |
15 | ||
15 | 15 | |
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Ingen
Ingen
Studiet inneheld ikkje organisert praksis, men det er ei føresetnad at studenten knyter studia til eigen arbeidssituasjon. Arbeidskrav vil verte knytt til eigen undervisning eller observasjon av andre si undervisning i grunnskulen.
Ingen
Ingen