Norsk (nordisk) 4x15 stp, nettstudium. Heiltid (vår)
Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for eit seinare mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.
Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag.
Undervisninga i det nettbaserte årsstudiet blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
Normert studietid for heiltidsstudentar er eitt år, for deltidsstudentar to år. Ein bestemmer sjølv om ein vil ta alle fire emna (fullt årsstudium) eller delar av studiet.
Studiet vert også tilbydd samlingsbasert utan studieavgift.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Etter fullført studium skal studenten
- ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
- vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng
Etter fullført studium skal studenten vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar
Etter fullført studium skal studenten
- kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemestret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.
Studentane tek eksamen i kvart emne. Arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna skal skrivast på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.
Course | 2018 Spring | 2018 Autumn | 2019 Spring | 2019 Autumn |
---|---|---|---|---|
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Det er ikkje praksis knytt til studiet.
Studiet er delfinansiert med studieavgift kr 16 000 (4 000 pr. emne) + semesteravgift.
Studieprogrammet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.