Matematikk – vidareutdanning på masternivå, oppstart vår
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar i grunnskulen. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha inngåande kunnskap om:
- teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk problemløysing og matematisk modellering
- ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar
- matematikkens historie og skulematematikkens historiske utvikling
- undervisningskunnskap i geometri og algebra
Studenten skal kunne:
- bruke digitale verkty i problemløysing og matematisk modellering
- konstruere, tolke og vurdere enkle matematiske modellar
- nytte matematiske problemløysingsmetodar
- bruke matematisk problemløysing og modellering i arbeid med tilpassa opplæring
- analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar
Studentane kan drøfte ulike sider ved matematikkfaget i skulen og vere med å utvikle det vidare.
Studiet er sett saman av to emne à 15 studiepoeng; emnet ULMA303 i haustsemesteret og emnet ULMA304 i vårsemesteret. Studiet er samlingsbasert med fem obligatoriske samlingar à 2 dagar i Volda pr semester.
Course | 2019 Spring | 2019 Autumn |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |