Sjå liste over studieplanar som starter på:

Mat, kosthald og helse 1-7/5-10

Program of study: 
Food and Health (Home Economics) 1-7/5-10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2019
Number of students: 
20
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse.

About

Studiet skal gje studenten grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i det å undervise i Mat og helse i grunnskulen. Studenten vel innretting mot 1.-7. eller 5.-10. årssteg. Mat og Helse er knytt både til ein naturfagleg og ein helsefagleg komponent og studentane skal gjennom faget lære å sjå samanheng mellom ernæring og helse. Skulen i seg sjølv ønskjer å vere ein helsefremjande og førebyggjande institusjon, og faget Mat og helse er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Studiet er både teoretisk og praktisk, og studentane skal lære å planlegge ei undervisning som tek vare på både dei praktiske og teoretiske sidene. Studentane skal gjennom studiet verte fortruleg med faget sin plass i skulen og tileigne seg kunnskap om undervisning og læring i Mat og helse sett i lys av læreplanen Kunnskapsløftet (LK06). Dei skal lære å sjå matlagingsaktivitetar og helse i høve til ulike målgrupper, aldrar og kulturar slik at ein tilpassar undervisninga til individuelle behov. Dei skal også lære å sjå mat i eit globalt perspektiv, der matproduksjon og bærekraft er knytt tett saman. Vidare må dei kritisk kunne vurdere kjelder, innhald og motiv i ein digitalisert kvardag der skiljet mellom fakta og reklame ikkje alltid er tydeleg, og sette dette inn i ein didaktisk samanheng.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Etter fullført studium skal studenten ha

  • kunnskap i ernæringslære og helse, og korleis ein kan arbeide førebyggjande og helsefremjande i eit kosthaldsperspektiv
  • kunnskap om skulefaget Mat og helse; undervisning, metodikk, fagdidaktikk
  • kunnskap om stoffa maten er bygd opp av, korleis desse reagerer når maten vert laga til og korleis dette kan nyttast i matlaging og læringsarbeid
Learning outcome skills

Etter fullført studium skal studenten

  • ha ferdigheiter i matlaging og korleis oppbevare og handsame mat
  • kunne planlegge og gjennomføre undervisning i Mat og helse i skulen
  • kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
  • kunne planlegge og gjennomføre ulike slag av læringsaktivitetar knytt til mat, t.d. eksperimentering med råvarer og næringsstoff
Learning outcome qualification

Etter fullført studium skal studenten

  • syne eit reflektert forhold til kosthald og kosthaldsplanlegging i høve ulike grupper
  • kunne tenke systematisk kring matlaging og eksperimentering med mat med utgangspunkt i kunnskap om næringsstoff og matvarer
  • kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget Mat og helse, skulemåltid, og Mat og helse som ramme for tverrfagleg læringsarbeid
  • syne eit kritisk og reflektert forhold til mat og helse slik ein møter det i samfunnet i høve offentlege og private aktørar (t.d. helsevesen, media, handel og marknadsføring)
Content structure

Sjå semesterplanane og «praktisk informasjon» for meir informasjon om innhald og organisering.

Sjå studiemodell for meir informasjon om studieløpet.

Mat, kosthald og helse 1-7/5-10
Navn: 
Mat, kosthald og helse 1-7/5-10
Course2019 Autumn2020 Spring
Studenten vel mellom MKH101-emna retta mot 1-7 eller 5-10. Studenten må velje same årsstegsinnretning i begge semestera.
15
 
15
 
15
Studenten vel mellom MKH102-emna retta mot 1-7 eller 5-10. Studenten må velje same årsstegsinnretning i begge semestera.
15
 
15
 
15
Professional training

Ei rettleidd og vurdert praksisperiode på minimum 10 dagar inngår som integrert del for dei som tek studiet som del av ei lærarutdanning. Studentar som ikkje skal ha praksis må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid, sjå semesterplanane.

Expenses

Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 900,- per emne, totalt kr. 1800,-. Delar av undervisninga kan verte lagt utanfor høgskulen og studentane må då sjølve syte for transport til og frå undervisningsstad.

Ansvarleg
Kari Ryslett, 700 75272, karir@hivolda.no