Sjå liste over studieplanar som starter på:

Vidareutdanning i naturfag og matematikk i barnehagen

Program of study: 
Science and Mathematics for Pre-Scool Teachers - Continued Professional Development Course (30 ECTS)
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2019
Number of students: 
35
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Førskule-/barnehagelærarutdanning eller tilsvarande tre-årig pedagogisk utdanning

About

Naturfag og matematikk i barnehagen (30 stp) er ei profesjonsretta vidareutdanning for pedagogar i barnehagen som ynskjer å vidareutvikle sitt faglege og didaktiske grunnlag for å kunne legge til rette for gode naturfaglege og matematiske aktivitetar for og med barn.

National regulations

 Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage – strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020», som er regjeringa si satsing på kompetanseheving innanfor realfaga i barnehagen.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • naturvitskaplege arbeidsmåtar og om korleis matematiske omgrep, modellar og tenkemåtar kan brukast til å forstå naturen og naturfenomen

  • barns matematiske utvikling, undring og utforsking, problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling i matematikk, og verdien av å utvikle positive haldningar til matematikk

  • evolusjon, systematikk, artskunnskap, biologisk mangfald og berekraftig utvikling

  • anatomi og fysiologi, økologi, økosystem, plantar og dyr i nærområdet og endringar i naturen gjennom årstidene

  • tal, teljing, rekning, talsystem, måling, rom, form, mønster og symmetri tilpassa aldersgruppa, og matematikk som verktøy for systematisk utforsking og tenking

  • barns merksemd i naturen, barns utvikling, læring og opplevingar knytt til bruk av naturen

  • retningslinjer for mat og måltid i barnehagen, kostvanar hos barn og utfordringar med kosthaldet i barnehagen

  • korleis nytte matressursar frå naturen og sikre trygg mat i barnehagen

  • universet, sola, jorda og månen

  • teknologi og fysiske fenomen knytt til lys, lyd og luft

  • kvifor landskapet i nærområdet ser ut som det gjer, og korleis geologiske prosessar endrar naturen over tid. 

Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • gjere naturfaglege observasjonar og undersøke både flora og fauna, ulike landskapselement og naturfenomen

  • gjere greie for korleis ein kan observere, legge til rette for, analyserekartlegge og følgje opp barns naturfaglege og matematiske utvikling

  • ta omsyn til barns merksemd i naturen, vere ein bevisst rollemodell og ein samtalepartnar som framhevar utvikling, læring og danning i arbeidet med naturfag og matematikk i barnehagen

  • organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø der barna blir inspirerte til å utforske naturen, matematiske problem og samanhengar

  • planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø til ulike årstider

  • lage gode didaktiske planar i naturfag og matematikk

  • planlegge, gjennomføre og evaluere mat- og måltidsrelaterte aktivitetar med barn basert på lokale naturressursar

Learning outcome qualification

Studenten skal kunne:

  • kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar knytt til naturfag og matematikk med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar, og vere pådrivar for arbeid med desse faga i barnehagen

  • dokumentere og evaluere barnehagens arbeid med naturfag og matematikk, og ta på seg leiaransvar for utviklings- og kvalitetsarbeid i desse faga

  • vere aktiv i samtidas barnehagefaglege diskusjonar knytt til naturfag og matematikk

  • vurdere eit kosthald som er helsefremjande, planlegge og gjennomføre kunnskapsbaserte måltid i barnehagen og setje i gang og leie måltidsdiskursar i barnehagen.

Content structure

Undervisninga er organisert med tre samlingar à to dagar per semester ved Høgskulen i Volda (HVO), i tillegg til nettbasert undervisning (Adobe Connect) inntil tre timar per veke mellom samlingane. Den nettbaserte undervisninga vil vere i form av førelesingar, medan undervisninga på samlingane for det meste vil vere praktisk retta.

Vidareutdanning i naturfag og matematikk i barnehagen
Navn: 
Vidareutdanning i naturfag og matematikk i barnehagen
Informasjon

Naturfag og matematikk i barnehagen (30 stp) er ei profesjonsretta vidareutdanning for pedagogar i barnehagen som ynskjer å vidareutvikle sitt faglege og didaktiske grunnlag for å kunne legge til rette for gode naturfaglege og matematiske aktivitetar for og med barn. Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage – strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020», som er regjeringa si satsing på kompetanseheving innanfor realfaga i barnehagen.

Gjennom studiet skal studenten utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag til å kunne planleggje, tilpasse, gjennomføre og evaluere gode naturfaglege og matematiske aktivitetar for og med barn. Studenten skal få grunnleggjande kunnskapar og dugleik til å legge til rette for gode naturopplevingar for barn og stimulere barna til undring og utforsking.

Course2019 Autumn2020 Spring
1515
Emnet på 30 stp går over to semester
Professional training

I løpet av studiet skal studenten utføre og få godkjend seks arbeidskrav. Studenten må ha tilgang til ei barnegruppe i samarbeid med barnehage og/eller SFO for å kunne gjennomføre arbeidskrava.

Expenses

Materialavgift på 400 kr.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Ingeborg Katrin Lid Berget, T: 70 07 53 09 E: ingeborg.katrin.berget@hivolda.no