Sjå liste over studieplanar som starter på:

Sosialt arbeid – sosionom

Program of study: 
Social Work - bachelor
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
180
Duration: 
6 semesters
Year: 
2019
Number of students: 
60
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse.

About

Om studiet: 

Forståing av faget sosialt arbeid som samspel mellom fag, samfunnsmessige og sosialpolitiske forhold er gjennomgåande i oppbygginga og innrettinga av utdanninga. Sosionomen skal bidra til at samfunnet gjennom sosiale hjelpeordningar fremmer menneske si evne og muligheiter til å meistre livsoppgåver. Og gjennom tiltak og samhandling bidra til at sosiale problem kan løysast eller meistrast i eit samfunn der kunnskap om og ferdigheter i tverrfagleg samarbeid og brukarmedverknad er sentrale. Studiet legg opp til å utdanne brukarorienterte, reflekterte og analytiske sosionomar, som er kvalifiserte til å arbeide med menneske i vanskelege livssituasjonar. Det blir difor lagt vekt på bevisstgjering av verdigrunnlag, ved at studentane blir oppøvd i evne til kritisk refleksjon over eigne verdiar og haldningar.

Sosionomen sin kompetanse er retta mot lokalsamfunn, organisasjonar, grupper, familiar og enkeltpersonar. Aktuelle arbeidsoppgåver omfattar førebyggjande - og klientretta arbeid, sakshandsaming og oppfølging. Sosionomens arbeid vert utøvd både i og utanfor institusjon, hovudsakleg innanfor kommunale og statlege tenester. Sosionomen arbeider hovudsakleg innanfor Nav, kriminalomsorg, rehabilitering, rus, psykiatri, og barne- og familievernet.

Fordi yrkesfeltet er meir dynamisk enn nokon gong, er det viktig å utdanne sosionomar som er fleksible med tanke på fagleg innretting. Vi er difor opptekne av å sikre at studentane har ein solid fagleg plattform fagleg og metodisk med på vegen ut i ein omskiftande arbeidsmarknad.

Ved sosionomstudiet vert følgjande kompetansar og perspektiv sett som særleg sentrale:

Samarbeids- og relasjonskompetanse
Å arbeide som sosialarbeidar inneber å utøve omsorg, formidle tenester og forsvare rettane til brukarane, samtidig som rolla som sosialarbeidar inneberer å utøve sosial kontroll over andre menneske. Dette føreset at ein kan leve seg inn i brukaren sin livssituasjon og oppleving av hjelpeapparatet, kan etablere tillitsfulle relasjonar og samhandle med brukar og andre. For å kunne vere med å betre livsvilkår for brukarar, må sosialarbeidarar også ha kompetanse innan tverrprofesjonelt samarbeid.

Solidarisk heilskapsperspektiv
Sosialt arbeid er verdibaserte handlingar. I møte med brukarar som på grunn av ulike hindringar ikkje vil vere i stand til, eller ha vanskar med å realisere sine menneskelege behov, treng sosialarbeidaren ei heilskapleg forståing av mennesket sin livssituasjon fysisk, psykisk, sosialt, materielt og kulturelt. Sosialarbeidaren skal i samarbeid med den einskilde og andre samarbeidspartar finne løysingar for at vedkomande skal kunne kome over eller kompensere for hindringar, frigjere ressursar og utløyse meistringsevne. Slike faglege perspektiv fordrar evne til etisk refleksjon, og etikk vert tematisert i alle semestera i studiet.

Forvaltningskompetanse
Sosionomar møter enkeltpersonar, familiar og grupper med behov for velferdstenester, og forvaltar og formidlar store samfunnsmessige ressursar. Til dette trengst kjennskap til ulike ordningar og rettar. Sosionomen må i tillegg ha sosialfagleg og analytisk kompetanse, og kunnskap om lovverk for å kunne vareta rettstryggleik, gjere gode vurderingar og ha god rolleforståing. I utdanninga vert det lagt vekt på analyse av praksisnære kasus og praktiske øvingar for å bidra til utvikling av god forvaltningskompetanse.

Analytisk kompetanse
Sosionomen står i sin praksis overfor komplekse situasjonar der det kan vere utfordrande å ta avgjerder. Det vert i utdanninga lagt vekt på å øve opp analytiske ferdigheiter for å styrke vurderings – og avgjerdskompetansen. Dette inneber praktiske øvingar der fakta, fagteori, vitskapsteoretiske perspektiv, metodiske val, skjønnsutøving og etiske vurderingar inngår.

Internasjonalisering og kultursensitivitet
Globale prosessar som migrasjon og flukt har gjort Noreg til eit meir samansett og fleirkulturelt samfunn og skapt nye utfordringar for sosialt arbeids- og yrkesfelt. Det globale perspektivet vert difor meir sentralt, saman med utvikling av kultursensitive tilnærmingar i arbeidet. Det blir viktig med ei opa og undersøkande innstilling til menneske med ulike sosiale identitetar for å forstå og arbeide i ei meir kompleks verd. I utdanninga blir det i undervising og i arbeid med praksisrelevante kasus lagt vekt på å utvikle kultursensitiv kompetanse. Global forståing og utvikling av kulturell kompetanse kan også utviklast gjennom studentutveksling og klientpraksis i utlandet.

 

 

National regulations

Studieplan for sosionomutdanning er regulert av rammeplan og forskrift, fastsett av KUF 28.01.1999, seinare regulert 01.12.2005 av Utdannings- og forskningsdepartementet, med heimel i lov av 1. april 2005 nr.15 om universiteter og høyskoler.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar skaper og held ved like sosiale problem
  • menneskelege behov og menneskeleg åtferd, kva som hemmar og fremmar god utvikling
  • sosiale og psykososiale problem for einskildindivid og deira familiar
  • relasjonsarbeid i hjelpar – brukar relasjonar
  • generelle forvaltningsmessige prinsipp og aktuelle lover
  • hovudmål og verkemiddel i sosial- og velferdspolitikken
  • førebygging som strategi i sosialt arbeid
  • hjelpeapparatet og aktuelle tenesteområde for sosionomar
  • teamarbeid, kasusanalyse og avgjerdsprosessar i utøving av sosialt arbeid
  • migrasjonsprosessar, utfordringar knytt til minoritetsposisjonar i samfunnet og til kulturelt mangfaldige samfunn og oppvekstmiljø
  • organisasjonens plass i samfunnet og eigen plass i organisasjonen
  • fagområdets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • vitskapsteoretiske, metodiske og etiske utfordringar knytt til utøving av sosialt arbeid
  • forskings - og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
  • korleis eigen fagkunnskap kan oppdaterast og haldast ved like

 

Learning outcome skills

Studenten skal ha ferdigheiter i:

  • sakshandsaming der brukarane sine behov og rettar vert ivaretatt
  • kritisk analyse og vurdering av sosial- og velferdspolitikken
  • korleis ein kan være premissleverandør for avgjerder i hjelpeapparatet, overfor politiske styresmakter og andre samfunnsaktørar
  • å samhandle med brukarar/klientar og andre yrkesgrupper
  • bruk av ulike sosialfaglege arbeidsformer der mobilisering av brukaren sitt sosiale nettverk står sentralt
  • å planlegge, iverksette og evaluere tiltak som skal betre brukarane sine livsvilkår
  • å arbeide i relasjonar prega av krysspress og interessemotsetningar
  • å forholde seg til menneske med ulik oppfatning av virkelegheita og utøving av yrke i fleirkulturelle kontekstar
  • å anvende fagleg kunnskap frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar
  • å reflektere over og justere eiga fagutøving
  • å finne fram til, vurdere og vise til fagstoff i analytisk arbeid med faglege problemstillingar
Learning outcome qualification

Studentane skal kunne:

  • møte brukarar av hjelpeapparatet med respekt og empati og sjå likeverd som ein grunnleggande føresetnad for yrkesutøving
  • ta utgangspunkt i behova til brukaren, planleggje og organisere tiltak i samarbeid med brukar
  • vere solidarisk med menneske i utsette og marginale posisjonar når det gjeld livskvalitet og livsvilkår og fremje deira rettar og interesser
  • reflektere over og grunngje si verksemd med tanke på overordna faglege og etiske perspektiv
  • ha eit tverrprofesjonelt perspektiv i samhandling for å sikre at den som treng hjelp frå helse- og sosialsektoren får eit tenleg tilbod
  • forstå og ta omsyn til organisasjonen sin plass i samfunnet og eigen plass i organisasjonen
  • sjå eiga yrkesrolle i eit kritisk lys, kjenne til og vurdere kompetansen til andre yrkesgrupper i faglege samhandlingssituasjonar
  • delta i fagleg utviklingsarbeid og ta i bruk nye arbeidsmåtar som følgje av forsking og anna fagleg innovasjon
  • forstå verdien av eigen personlege og faglege utvikling og dokumentere, kvalitetsutvikle og evaluere arbeidet sitt
  • planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt der vitskapsteoretiske, etiske og metodiske vurderingar inngår
  • formidle fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg og munnleg på ein fagleg analytisk måte
  • kjenne til nytenking og innovasjonsprosessar
Content structure

Organiseringa av studiet byggjer på dei faglege planane og Forskrift for opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda med tilhøyrande retningslinjer. Studentane har sjølve ansvar for å setje seg inn i studie- og emneplaner og gjeldande regelverk.

Felles studieprofil - samhandlingskompetanse:

Høgskulen i Volda utdannar både sosionomar og barnevernspedagogar. Gjennom ein felles studieprofil og stor grad av felles undervisningsaktivitet får sosialarbeidarstudenten eit felles utgangspunkt for kunnskap og identifikasjon. Dette gjer at studentane får kjennskap til kvarandre sin særeigne kompetanse, og gir grunnlag for større fokus på tverrfagleg og tverrprofesjonell samhandling.

Studentaktive læringsformer

Det blir lagt vekt på studentaktive arbeids- og læringsformer, som til dømes studentstyrte seminar, gruppearbeid, skriftlege arbeidskrav og ferdigheitstrening, i tillegg til tradisjonell undervisningsaktivitet.

Fleire læringselement i studiet, som til dømes kompetanse i samhandling og kommunikasjon, medvit om verdiar og haldningar til andre menneske, kan ein ikkje utan vidare tileigne seg berre ved sjølvstudium. Slik kompetanse utviklar ein best i felles læringsmiljø. Det er eigne reglar om nærvær, sjå under.

Deltaking og arbeidskrav

Studiet er sett saman av fleire emne slik det går fram av emnetabellen. I alle emne er det arbeidskrav som må vere oppfylte innanfor fastsett tid for å kunne framstille seg til eksamen. 

Enkelte undervisningselement kan ha særskilte deltakings- og nærværsreglar.  

Pensum

Pensum er ei ramme for omfanget av faglitteratur som studia skal innehalde og som det kan eksaminerast i til eksamen. Samla pensum er om lag 10.000 sider, fordelt på tre studieår. Deler av pensum kan vere sjølvvalt og skal vere godkjent av instituttet.

Studieprogresjon

Studiet er eit integrert 3-årig profesjonsstudium sett saman av sju emne. Som hovudregel gjeld at ein må ha gjennomført og bestått eit emne før ein kan ta det neste emnet.

Om vurdering og eksamen

Det er varierte vurderingsformer i studiet; frå skriftlege heimeoppgåver til skriftlege skuleeksamenar eller munnleg prøving. Det vil gå fram av den einskilde emneplan kva vurderingsform som er knytt til det einskilde emnet. Eksamen er elles regulert av "Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda".

Det er krav om obligatorisk frammøte til delar av studiet. Det vil gå fram av emneplaner kva som er obligatorisk.

Det er eigne forskrifter og retningsliner for godkjenning av klientretta praksisstudium og prosjektpraksis.

Suitability

Skikkavurdering av alle studentane skal foregå gjennom heile studiet og skal inngå i ein heilskapsvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere som sosialpersonell. Jf.Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 4-10 sjette ledd (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859)

Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her.

Professional training

Praksisstudia er dei delane av utdanninga der studentane gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosialfaglege tenester, skal få høve til både å kunne relatere dei teoretiske kunnskapane til praktisk sosialt arbeid, og få trening i praktisk yrkesutøving. Høgskulen har som mål å skape best mogleg samanheng og integrasjon mellom dei ulike læringsformene. I den samanheng vil det vere aktuelt å prøve ut ulike praksisformer.

Praksisstudia er ein viktig del av yrkesrettinga i utdanningane. Praksisstudia går i hovudsak føre seg i tilknyting til eksterne institusjonar/organisasjonar/nærmiljø under rettleiing av faglærarar og erfarne sosialarbeidarar. I studiet er det fleire praksiselement som i hovudsak vert avslutta med presentasjonsseminar. Praksisperiodane har eit samla omfang på om lag 20 veker.

Feltstudie - studentane skal i fleire semester gjere seg kjende med praksisfeltet gjennom t.d. ekskursjonar, observasjonar, arbeid med særskilte problemstillingar knytt til feltet.

Prosjektpraksis – i tredje semester skal studentar arbeide gruppevis med undersøking av ei problemstilling som tek utgangspunkt i utvalde tema til no i studiet, og som er relevant i forhold til yrkesfeltet.

Klientretta praksisstudium – i femte semester skal studentane ha rettleia praksis i eksterne institusjonar der sosialt arbeid vert praktisert, og der samarbeid og samhandling med klientar/brukarar og andre profesjonar er sentralt. 

Internationalisation

I tredje semester kan studentar studere ved internasjonale læreinstitusjonar og ha prosjektarbeid i utlandet. I femte semester kan studentar ut frå faglege og personlege føresetnader ha klientretta praksisstudium ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som HVO gjer samarbeidsavtale med. Studentar som skal ha klientretta praksisstudium i utlandet må ha gode språkkunnskapar og ha eit karakternivå som tilsvarer C eller betre i gjennomsnitt hittil i studiet.

Det kan bli arrangert studieturar og ekskursjonar, der studentane er aktivt med i planleggingsprosessen.

Ansvarleg
Jarle Pedersen, jarlep@hivolda.no, tlf. 70 07 51 71