Religion, livssyn og etikk fordjuping, nett
I fordjupingsstudiet kan studenten utdjupe sine kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk. Saman med praktisk pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE på ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Kompetanse om det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samfunnet er etterspurt og viktig i fleire yrkessamanhengar, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Studiet består av eit valfritt emne (REL206N eller REL207N) og eit obligatorisk (REL212N) der studenten skriv ei fordjupingsoppgåve.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna der kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse er spesifisert. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- har utdjupande kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk
- har evne til å tileigne seg ny kunnskap innan fagområdet
- kan formidle kunnskapane på ein god måte skriftleg
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
REL212N kan takast både i haust- og vårsemesteret.
Course | 2020 Autumn | 2021 Spring |
---|---|---|
15 | 15 | |
NB! REL212N kan takast både i haust- og vårsemester | ||
Valemne | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |