Religion, livssyn og etikk, årsstudium
Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk, filosofi og interkulturell forståing. Saman med praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer studiet for undervisning i KRLE på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Studiet gir innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg, og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Dei ulike emna i årsstudiet i RLE kan innpassast i ulike bachelorgrader.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal etter endt studium
- ha grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
- ha grunnleggjande kunnskapar om teoriar og modellar for interkulturell forståing
- ha grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
- ha kunnskap om religionsfaget i norsk skule
Studenten skal
- ha analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk
- ha evne til sjølvstendig tenking omkring religionar og livssyn
- ha evne til å uttrykkje kunnskapen skriftleg og munnleg
- ha evne til interkulturell kommunikasjon
Studenten skal
- ha grunnleggjande digital kompetanse
- kunne reflektere sjølvstendig over spørsmål knytt til fleirkultur og fleirreligiøsitet
- ha evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjølvstendig i andre studium og i arbeidslivet
Studiet består av fem emne der studentane vel fire av dei: REL111, REL112, REL113, REL116 og REL110.
Det vert tilbod om ein ekskursjon til Redbridge i London i haustsemesteret der ein vitjar skular og ulike religiøse samfunn (med atterhald om nok påmeldte). Sjå emneplan for REL112.
Undervisninga har form av førelesingar, seminar, gruppearbeid. Ulike arbeidskrav er knytt til kvart enkelt emne. Undervisninga er obligatorisk i REL111, RE112, REL113 og REL116.
Course | 2020 Autumn | 2021 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Studentane skal velje to av tre emne i vårsemesteret | 30 | |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |