Sjå liste over studieplanar som starter på:

Rettleiings- og mentorutdanning 1B

Program of study: 
Mentoring 1B
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Credits: 
15
Duration: 
2 semesters
Year: 
2021
Number of students: 
40
Type of study: 
Specialization (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Studentane må ha godkjent lærarutdanning og vere i arbeid som grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring. 

About

Dette er eit tilbod for tilsette ved Volda ungdomsskule. 

Målgruppa for studiet er lærarar som skal vere rettleiarar for studentar og nyutdanna kollegaer i grunnskule og vidaregåande opplæring. Stortingsmelding nr. 11 (2008-2009) Læreren, Rollen og utdanningen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar i grunnskule og vidaregåande opplæring skal få tilbod om rettleiing. Vidare skal kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring styrkast mellom anna ved å gi alle øvingslærarar tilbod om opplæring i rettleiing. I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga (KD2010) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i praksisrettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til desse tiltaka. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, evne til refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla som lærar, forsking knytt til rettleiing i nasjonalt og internasjonalt perspektiv, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrket
  • korleis rettleiing kan bidra til å støtte studentar si profesjonslæring
  • korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del i utvikling av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skulen
  • korleis ein kan inkludere nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i skulen
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
  • støtte og utfordre både studentar og nyutdanna, nytilsette lærarar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
Learning outcome qualification

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar 
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innafor fagområdet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
Content structure

Det er eitt emne i studiet, som går over to semester.

 

Rettleiings- og mentorutdanning 1B
Navn: 
Rettleiings- og mentorutdanning 1B
Course2021 Spring2021 Autumn
7.57.5
Anna
Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar.
Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes. T: 70075267 E: gerds@hivolda.no