Naturfag 1 (5-10), oppstart vår
Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen naturfag i si tidligare utdanning. Innhaldet i studiet tilsvarar Naturfag 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. steg. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planleggja,organisera, tilpassa, gjennomføra og evaluera ulike læreprosessar i naturfag for elevar i grunnskulen. Studenten skal få kompetanse til å undervise naturfag i dagens skule, samstundes som studenten skal kunne vere med å utvikle og forme naturfaget i framtida.
Det vil vere mulig å ta NF102U (biologi/geofag1) i vårsemesteret og deretter NF101U (fysikk/kjemi 1) i det påfylgjande haustsemesteret. For å oppnå godkjent naturfagutdanning (30 studiepoeng) for undervisning i grunnskulen blir det krevd at emnet NF101U er bestått i tillegg til NF102U.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna.I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- skal ha grunnleggande kunnskapar på fagområda biologi, fysikk, geofag og kjemi, tilstrekkeleg for å undervise på 5.-10. steg i grunnskulen
- skal ha kunnskap i naturfagdidaktiske tema som er relevante for fagstoffet og undervisning i skulen
- skal ha kjennskap til naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen undervisingspraksis og for elevar si læring
Studenten:
- skal kunne planlegga, gjennomføra og vurdera naturfagundervisning for elevar på 5.-10. steg
- skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hjå elevane
- skal kunne knytte kunnskap i naturfagdidaktiske tema til eigen undervisning i faget
Studenten:
- skal øve opp evnen til kritisk tenking på område i samfunnet der naturvitenskap er relevant
- skal øve opp evnen til refleksjon angåande elevar sitt forhold til naturfag og naturvitenskap i og utanfor skulen
- skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføra og utvikla naturfagundervisning
Studiet er sett saman av dei to emna NF101U (haust) og NF102U (vår), kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga blir gitt via internett. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som består av to samlingar pr. semester á 3 dagar, sjå Forskrift om studium og eksamen § 4-6. Studiet inneheld skriftlege arbeidskrav, og sluttvurdering blir gjennomført i form av skriftleg eksamen.
Course | 2021 Spring | 2021 Autumn |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Ingen.
Ingen.
Studiet inneheld ikkje organisert praksis, men ein forutset at studenten ser studiet i sammanheng med eigen arbeidssituasjon. Arbeidskrav vil bli knytta til eigen undervisning eller observasjon av andre si undervisning i grunnskulen.
Ingen.
Ingen.