Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne (vår)
Vidareutdanningsstudium i musikk inneheld våren 2022 emnet intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosifi (MUS206) som er eit 15- studieppengsemne emne og som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Under rettleiing og gjennom eiga utprøving får studenten bruke skaparevna og skapartrongen i seg og lære metodar for å finne sitt personlege uttrykk.
Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
Læringsutbytte i studiet vert konkretisert i emneplan.
Kunnskapar i studiet vert konkretisert i emneplan.
Dugleikar i studiet vert konkretisert i emneplan.
Generell kompetanse i studiet vert konkretisert i emneplan.
Arbeidet vil gå føre seg individuelt, i grupper og i plenum. Det vil i hovudsak gå ut på å løyse oppgåver, og få tilbakemeldingar gjennom diskusjon. Det blir gjeve råd og vurdering undervegs av all oppgåveløysing gjennom studiet. I tillegg kjem førelesingar og plenumsdiskusjonar over utvalde tema. Undervisinga vert gjeve på både norsk og ved behov også på engelsk.
Det er obligatorisk frammøte til all undervising jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6
Course | 2022 Spring |
---|---|
Vår 2022 kan du velje eitt emne: | 15 |
15 | |
Sum (15 total) | 15 |