Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg studium som gir studentar teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen og barnehagen gir. Studiet gir kompetanse for pedagogisk og norskdidaktisk arbeid med barn, ungdom og vaksne i ein fleirspråkleg og fleirkulturell læringssituasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium.
Studenten skal ha:
• brei kunnskap om forholdet mellom kultur, språk, identitet og læring i fleirspråklege og fleirkulturelle utdanningskontekstar
• avansert kunnskap om fleirspråklegheit og korleis ein kan utvikle språkleg og kulturelt mangfald
• inngåande kunnskap om korleis ein kan utvikle ein fleirkulturell, antirasistisk skule og barnehage
• avansert kunnskap om norsk i eit andrespråksperspektiv, om andrespråkslæring og andrespråksundervisning
Studenten skal kunne:
• analysere og handtere pedagogiske og fagdidaktiske utfordringar og moglegheiter i den antirasistiske, fleirkulturelle og fleirspråklege skulen/barnehagen
• skape eit læringsmiljø som bidreg til å motvirke fordommar og diskriminering
• gjennomføre norskopplæring for born, unge og vaksne med eit anna morsmål enn norsk
Studenten skal:
• kunne engasjere seg i og initiere utviklingen av antirasistisk og tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
Studiet er sett saman av emna Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 1 (15 stp) og Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 2 (15 stp). Emne 1 er lagt til haustsemesteret, og emne 2 er lagt til vårsemesteret. Bestått eksamen på emne 1 er ein føresetnad for å kunne ta emne 2.
Undervisninga er fordelt på fire samlingar om hausten og fem samlingar om våren. Kvar samling går over to heile dagar. Undervisningsopplegget er obligatorisk, med krav om 70 prosent frammøte/deltaking, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6. I emne 1 skal studentane gjennomføre eit feltarbeid på éin til to dagar i barnehage, skule eller annan institusjon der det skjer fagleg arbeid retta inn mot språklege minoritetar.
Course | 2022 Autumn | 2023 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |