Sjå liste over studieplanar som starter på:

Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)

Program of study: 
Programming and digital tools in mathematics education
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
15
Duration: 
2 semesters
Year: 
2023
Number of students: 
20
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng matematikk.

About

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke programmering og digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke ulike digitale verktøy i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida.

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har brei kunnskap om pedagogisk bruk av digitale verktøy i matematikkundervisninga som fremjar læring 
  • har undervisningskunnskap om, og i bruk av GeoGebra og rekneark i matematikkopplæringa i grunnskulen 
  • har kjennskap til og undervisingskompetanse i digitale ressursar som kan fremje læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre 
  • har kjennskap til og undervisningskompetanse om algoritmisk tenking i matematikkopplæringa i grunnskulen
Learning outcome skills

Studenten

  • kan anvende kunnskap i bruk av eit utval digitale verktøy i matematikkundervisninga 
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av programmering og andre digitale verktøy og ressursar i undervisninga 
  • kan bruke programmering og andre digitale verktøy og ressursar som reiskap for å tilrettelegge undervisninga 
  • kan ta i bruk programmering og andre digitale verktøy og ressursar i vurdering av elevane sitt læringsutbytte 
  • kan bruke programmering og algoritmisk tenking i matematikkundervisninga 
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av programmering og digitale verktøy i undervisinga 
  • utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av programmering og digitale verktøy i matematikk 
Content structure

Emnet er nettbasert med ei obligatorisk samling i Volda (på to dagar). (Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen. Nettleksjonane vert gitt i høgskulen si gjeldande læringsplattform (per i dag Canvas).

Emnet i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)
Navn: 
Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)
Course2023 Autumn2024 Spring
7.57.5
Requirements

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Professional training

Studiet inneheld ikkje eigen praksis.

Expenses

Studiet har ei studieavgift på kr. 5 000,- 

Ansvarleg
Øyvind Roger Halse, oyvind.roger.halse@hivolda.no, tlf. 70 07 52 76