Sjå liste over studieplanar som starter på:

Matematikk 1, 1.-7. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)

Program of study: 
Mathematics for Teachers 1 - grades 1-7
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2023
Number of students: 
30
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Fullført lærarutdanning. 

About

Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning, og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. klassesteget.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med på barnesteget
  • har kunnskap i relevante matematikkfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet  i grunnskulen
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
  • har kunnskap om bruk av digitale verktøy og programmering i matematikk
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på barnesteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking 
Content structure

Emnet er i hovudsak nettbasert, men med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6)  Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Matematikk 1, 1.-7. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Navn: 
Matematikk 1, 1.-7. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Requirements

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Expenses

Studiet har ei studieavgift på kr. 10 000,- (kr. 5 000,- pr. emne) + semesteravgift.

Ansvarleg
Øyvind Roger Halse, oyvind.roger.halse@hivolda.no, tlf. 70 07 52 76