See list of study plans starting on:

Mat og helse 1, 1.-10. trinn - vidareutdanning

Program of study: 
Food and health (Home Economics) 1, Grade 1-10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2023
Number of students: 
20
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Godkjend lærarutdanning.

About

Studiet skal gje studenten kunnskapar og ferdigheiter i å undervise skulefaget mat og helse på 1.-10. årssteg. Ramma for studiet er mat- og helsefaget sine samfunnsmessige oppgåver i arbeid med å fremje god helse og sosial trivsel, og utjamne sosiale skilnadar.

Mat og helse er både eit teoretisk og praktisk fag, og studentane skal i samsvar med læreplanen lære å planlegge undervisning som tek vare på begge desse sidene av faget. Studiet legg vekt på at mat- og helselæraren også vil vere ein ressurs for skulens arbeid med mat og måltid.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Learning outcome knowledge

Etter fullført studium skal studenten ha

  • kunnskap om ernæring og helse, og korleis ein kan arbeide helsefremjande i eit kosthaldsperspektiv for ulike grupper
  • kunnskap om mat og måltid i perspektiv av kultur, religion, forbruk, etikk og berekraftig utvikling
  • kunnskap om matvarer og matkjemi, og korleis dette kan nyttast i tverrfagleg læringsarbeid
  • fagdidaktisk kunnskap som grunnlag for refleksjon og undervisning
Learning outcome skills

Etter fullført studium skal studenten

  • ha ferdigheiter om matlaging og handsaming av mat
  • kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
  • kunne leggje til rette for berekraftige praksisar på skulekjøkkenet
  • kunne planlegge og gjennomføre undervisning i mat og helse i skulen
  • kunne nytte digitale verktøy og ressursar i faget
Learning outcome qualification

Etter fullført studium skal studenten

  • kunne reflektere over faget i eit tids- og samfunnsaktuelt perspektiv, og drøfte korleis faget kan bidra til å utjamne sosial ulikheit i helse
  • syne eit kritisk og reflektert forhold til helsefremjande, kulturelle og miljømessige aspekt ved faget ved vekt på folkehelse, livsmeistring, berekraftig utvikling og det fleirkulturelle samfunnet
  • kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget mat og helse, skulemåltidet, og faget som kontekst for tverrfagleg læringsarbeid
Content structure

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng. Studiet er organisert med fysiske samlingar på høgskulen kombinert med nettbasert undervisning.

Undervisninga er ein kombinasjon av nettbaserte førelesingar, praktisk arbeid i kjøkken på høgskulen og heime, studentpresentasjonar, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Detaljar vert kunngjort i semesterplanane for dei to emna.

Arbeidskrav og vurderingsformer er nærmare omtala i dei to emneplanane.

Mat og helse 1, 1.-10. trinn - vidareutdanning
Navn: 
Mat og helse 1, 1.-10. trinn - vidareutdanning
Course2023 Autumn2024 Spring
15
15
Requirements

Det vert forventa at studentane har grunnleggjande kompetanse i bruk av digitale verktøy. Studentane må ha tilgang til kjøkken for gjennomføring av matfaglege aktivitetar på eiga hand.

Expenses

Studentane må betale materialpengar i studieprogrammet, kr.  1000,- per emne, totalt kr. 2000,-

Ansvarleg
Kari Ryslett T: 70075272 E: kari.ryslett@hivolda.no