See list of study plans starting on:

Dokumentarproduksjon - vidareutdanning

Program of study: 
Documentary production
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2024
Number of students: 
20
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

60 stp i mediefaglige emner. Realkompetanse kan også gi grunnlag for opptak.

About

Vidareutdanning i dokumentarproduksjon er ei samlingsbasert utdanning for studentar som har noko erfaring frå arbeid i mediebransjen og/eller har minimum 60 stp i mediefag. Utdanninga har fokus på fagleg fordjuping i dokumentar og historieforteljing i lengre format.

Studiet gir ei teoretisk og praktisk innføring i sjangrar og arbeidsmetodar i dokumentar. Undervisning og rettleiing er ved tilsette med bakgrunn frå journalistikk og dokumentar, og ved gjesteforelesarar som til dagleg jobbar med dokumentarproduksjon og har spisskompetanse på sitt fagfelt innan dokumentarproduksjon. Studentane får erfaring med å utvikle ein produksjon frå idè til ferdig prosjekt og får gjennom dette kunnskap om mange  ledd i ein produksjon, mellom anna idèutvikling og research, produksjonsplanlegging, etiske vurderingar, historieforteljing og dramaturgi, klipp og etterarbeid.

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Learning outcome knowledge

Kandidaten skal ha

  • kunnskap om arbeidsmetoder innan dokumentar
  • kunnskap om dramaturgi og forteljarteknikkar
  • kunnskap om ulike format innan dokumentar
Learning outcome skills

Kandidaten skal kunne

  • gjere research og ideutvikling som gir grunnlag for gjennomførbare dokumentarprosjekt
  • produsere ei dokumentarisk historie ved hjelp av video og/eller lyd
  • reflektere over eiga fagleg utvikling
Learning outcome qualification

Kandidaten skal

  • kunne planleggje og gjennomføre prosjekt som strekkjer seg over tid
  • ha innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kunne evaluere og analysere eige og andre sitt arbeid
Content structure

Vidareutdanninga er samlingsbasert ved Høgskulen i Volda, og undervisninga består av forelesingar, rettleiing (tilbod om digital rettleiing) og sjølvstendig arbeid.

Det er obligatorisk deltaking i alle undervisnings- og arbeidsformer knyttet til emnet jfr. "Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda", §4-6. For å kunne fremstille seg til eksamen må studenten ha godkjent oppmøte og deltakelse på minimum 80% av undervisning og organisert arbeid i emnet.

Dokumentarproduksjon - vidareutdanning
Navn: 
Dokumentarproduksjon - vidareutdanning
Course2024 Autumn2025 Spring
15
15
Requirements

Studentane må i hovudsak kunne stille med eige teknisk utstyr som kamera eller lydopptaker. I særskilde tilfelle er det mogleg å låne utstyr av høgskulen. Studentane bør ha grunnleggande kompetanse i det utstyret dei skal bruke til dokumentarproduksjonane.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Charlotte Louise Loxley Helleland