Praktisk naturfag og tryggleik i praktisk arbeid
Emnet gir innføring i praktisk arbeid i naturfag, og legg vekt på tryggleik i laboratoriet og i felt. Gjennom fire samlingar (to på haust og to på vår) vert studentane kjende med eksperimentelt arbeid i biologi, kjemi og fysikk, og lærer rutinar for sikkert arbeid i naturfagslaboratoriet og ved feltarbeid, inkludert handtering av risikoavfall og prosedyrar ved ulukker. I den fjerde samlinga vert det lagt vekt på tverrfagleg arbeid der element frå biologi, kjemi, fysikk og teknologi vert fletta saman i utforskande forsøk. Emnet passar godt for lærarar på mellom- og ungdomstrinn og i vidaregåande skule som ynskjer å utvide sin kompetanse i utforskande og tverrfagleg naturfagsundervising, og som vil kjenne seg trygge på å kunne gjennomføre eksperimentelt arbeid på ein sikker måte.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram (eller utdanning?)
Studenten
- Skal ha essensielle kunnskapar i biologi, kjemi, fysikk og teknologi
- Skal kunne tolke datablad til kjemikaliar med tanke på risikovurderingar av laboratorieforsøk
- Skal kjenne til rutinar for handtering av kjemikaliar og risikoavfall
- Skal kjenne til rutinar for handtering av ulukker i laboratorium og i felt
- Skal ha fagdidaktisk kunnskap i naturfag inkludert fagdidaktiske modellar, misoppfatningar og grunnleggande ferdigheiter.
- Skal ha kunnskap om framgangsmåtar i praktisk utforskande naturfagarbeid.
- Skal ha kjennskap til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen kunnskap om undervisning og for eleven sin læring
Studenten
- Skal kunne vurdere, planlegge og gjennomføre tverrfagleg praktisk utforskande naturfagarbeid
- Skal kunne formulere relevante forskingsspørsmål på bakgrunn av fagkunnskapar i biologi, kjemi, fysikk og teknologi
- Skal kunne planlegga, gjennomføra og vurdera naturfagundervisning tilpassa den enkelte elev sine evner og føresetnader
- Skal kunne nytte laboratorieutstyr og handtere kjemikaliar på ein forsvarleg måte
Studenten
- Skal øva opp evne til å tenke tverrfagleg om praktisk naturfagarbeid og naturfagundervisning
- Skal øva opp evne til refleksjon om naturvitskapleg tenkemåte og verdien av praktisk utforskande arbeid i naturfag.
Studiet går over to semester med to samlingar på haust og to samlingar på vår.
Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt.
Course | 2024 Autumn | 2025 Spring |
---|---|---|
7.5 | 7.5 | |
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |