Helsefag for sosialarbeidarar - vidareutdanning
Studiet rettar seg primært mot sosialarbeidarar, som er ei viktig yrkesgruppe m.a. i rusomsorg, eldreomsorg, psykisk helsevern, habilitering og rehabilitering, i ulike bustader og bufellesskap. Endringar i organisering av velferdstilbodet har ført til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Utvida kompetanse for sosialarbeidaren vil bidra til ei meir fleksibel teneste.
Studiet fokuserer på korleis helseperspektiv kan supplere sosialfagleg perspektiv i møtet med brukarar med samansette vanskar.
Siktemålet er å legge grunnlag for ei større fagleg breidde og bidra til å understøtte god kvalitet i helse- og sosialsektoren.
Sentrale område i studiet er sjukdomsforståing, observasjon av symptom og kliniske teikn og grunnleggande pleie og omsorg.
Studiet rettar merksemda mot det førebyggande og helsefremjande perspektivet.
Fullført studium skal bidra til ny kunnskap, styrke etisk og fagleg yrkesutøving, og auke den tverrprofesjonelle samhandlingskompetansen. Studentane får også innføring i grunnleggande farmakologi og forsvarlig legemiddelhandtering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Sjå emneplan
Sjå emneplan
Sjå emneplan
Samlingsbasert og nettbasert studium med tre obligatoriske samlingar á tre dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret).
Studentane arbeider nettbasert i læringsgrupper mellom samlingane.
Sju dagar obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling.
Informasjon om eksamen og vilkår for å framstille seg for eksamen går fram av emneplanen.
Course | 2025 Spring | 2025 Autumn |
---|---|---|
15 | 15 | |
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Sju dagar klinisk praksis innan helsefag, der studentane sjølve skaffar seg relevant praksisplass
Studieavgift kr 10.000,- (kr. 5.000,- pr. semester).