Doktorgradsstudium i helse og sosial
Høgskulen i Volda (HVO) har i lag med Høgskulen i Molde søkt om å få starte doktorgradsstudium i helse og sosial. Det er NOKUT (Nasjonalt Organ for kvalitet i utdanninga) som godkjenner slike søknader.
Torsdag 6. mars kom NOKUT med tre professorar, ein stipendiat og to saksbehandlarar for å undersøke om HVO har det som skal til.
NOKUT-delegasjonen hadde i løpet av to dagar møte med høgskuleleiinga, leiinga på Avdeling for samfunnsfag og historie, den faglege leiinga for det planlagde PhD-studiet, masterstudentar, dagens stipendiatar og administrative leiarar – både ved Høgskulen i Volda og i Molde.
Fagfolk bak det planlagde PhD-studiet klare til å bli grilla av NOKUT: Frå venstre Bente Hasle, Jan Inge Sørbø, Turid Aarseth (Høgskulen i Molde), Alf Roger Djupvik og Tor-Johan Ekeland.
I tillegg møtte NOKUT også noverande og framtidige arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar. I alt var det over 50 tilsette og studentar ved dei to høgskulane som var involverte i besøket, så ein kan seie at det var heile høgskulen som var oppe til munnleg eksamen på grunnlag av den omfattande skriftlege søknaden dei to høgskulane sende 1. november 2013.
NOKUT-delegasjonen skulle også ha informasjon om biblioteket. Biblioteksleiar Bente Gunn Lien informerer.
Rektor Per Halse er nøgd med gjennomføringa av NOKUT-besøket og takkar dei mange involverte for innsatsen. Han er no spent på om høgskulane i Volda og i Molde kan bli dei første høgskulane i landet som samarbeider om å gje ein doktorgrad, ein såkalla fellesgrad.
– NOKUT opplyste at dei har styremøte i juni, og vi håper at søknaden vår blir godkjent på det møtet. Vi fekk ikkje oppgitt ein karakter frå kommisjonen etter besøket, men dei var ikkje negative seier seier rektor ved Høgskulen i Volda Per Halse.
Rektor Halse legg til at PhD-søknaden og NOKUT-besøket har gjort at HVO har teke ein grundig gjennomgang av mange sider ved den faglege verksemda, samtidig som samarbeidet med Høgskulen i Molde blir stadig betre. Blant anna har dei to skulane i fellesskap sendt ein søknad til Forskingsrådet om eit prosjekt innanfor det same fagfeltet som det framtidige doktorgradsstudiet skal dekkje.
Aktuell lenkje: www.nokut.no www.himolde.no