FoU-prisen til «Media and the Second Cold War 1975-1991»

Den niande Forsking– og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart i dag delt ut til prosjektet «Media and the Second Cold War 1975-1991» ved Avdeling for mediefag under opninga av Forskingsdagane 2014.

f2ac5dc8ece4d8de6b73578afd0ce7b0
Erling Sivertsen, Paul Bjerke, pro-rektor Marie Nedregotten Sørbø og Rolf Werenskjold. 


Styret ved Høgskulen i Volda har sidan 2006 delt ut FoU-prisen for å heidre framifrå forsking- og utviklingsarbeid. For første gang er FoU-prisen i år tildelt eit prosjekt.

─ Det er ei kø av potensielle kandidatar som følgjer kriteria, og vi er heldige som kan dele ut denne prisen kvart år, sa prorektor Marie Nedregotten Sørbø.

Relevant forskningsfelt

«Media and the Second Cold War 1975-1991» er eit tverrfagleg prosjekt som mellom anna ser på i kor stor grad media bidrog til kommunismens fall.

─ Forskningsfeltet er i høgste grad relevant for Avdeling for mediefag og for høgskulen. Det er eit felles europeisk forskingsfelt som det har vore forska lite på tidlegare, sa Sørbø.  

Fleire fagpersonar både ved Avdeling for mediefag og andre avdelingar ved HVO har delteke i prosjektet. Dei sentrale fagpersonane som har leia forskingssamarbeidet, har vore Henrik G. Bastiansen, Erling Sivertsen og Rolf Werenskjold.

─ Det betyr mykje at våre kollegaar set pris på det arbeidet vi har gjort i prosjektet. Det er mange som burde ha stått her med oss, både dei som har deltatt i prosjektet og dei som har lagt til rette for det. Blant desse er dekan Sverre Liestøl, som har fått til ting vi ikkje trudde var mogeleg i Volda, sa Werenskjold ved utdelinga.  

I tildelinga la høgskulestyret vekt på at prosjekta har gjeve tilbod om deltaking på ulike faglege nivå med felles målsetting om kompetanseheving: Prosjekta har vore tverrfaglege med ei internasjonal og konferanseorientert tilnærming, og har vore med på å byggje opp og delta i både eit nasjonalt og eit internasjonalt forskarnettverk.

Internasjonal forskarkonferanse i november

Prosjektgruppa leia ei eiga arbeidsgruppe under den Nordiske medieforskarkonferansen i 2013, og skal i 2014 arrangere ein stor internasjonal forskarkonferanse, «Media and the Cold War», i Volda 20.- 21. november med deltakarar frå ei lang rekke land – på tvers av det tidlegare jernteppet. Avdeling for mediefag har også tidlegare arrangert ein liknande forskarkonferanse i Volda (2008) – då om media og protestar.


Omfattande vitskaplege publiseringar

Det internasjonale forskingssamarbeidet ved Avdeling for mediefag har ført fram til omfattande vitskapleg publisering, både nasjonalt og internasjonalt. Erling Sivertsen og Rolf Werenskjold var i 2014 medredaktørar av antologien «Media and Revolt», og kaldkrigs-prosjektet har fleire antologiar på engelsk under produksjon. Føremålet med dei ulike prosjekta har vore å utvide forskingsperspektiva frå norske medium til internasjonale forhold, medverke til å internasjonalisere forskinga og til å publisere internasjonalt.

Pressefoto

Del på: