Helse i fokus under Forskingsdagane 2024
Kom og opplev Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda 19.–26. september! Årets festival byr på alt frå rørsleleik og seminar om folkehelse til barnebokbad med Maria Parr – og alt er gratis.
Kom og opplev Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda 19.–26. september! Årets festival byr på alt frå rørsleleik og seminar om folkehelse til barnebokbad med Maria Parr – og alt er gratis.
I år er det litt ekstra stas å invitere til Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO), for den nasjonale forskingsfestivalen fyller nemleg 30 år i 2024!
Den årlege festivalen har denne gongen helse som overordna tema, og Høgskulen i Volda byr på over tjue gratisarrangement frå torsdag 19. september til torsdag 26. september. Festivalprogrammet er fullt av interessevekkjande godbitar for både barn, studentar og folk flest.
- Sjå heile programmet for Forskingsdagane 2024 ved HVO her!
Kva er helse for deg? Kom og få nye perspektiv
Årets program spenner over eit breitt spekter av aktivitetar og tematikkar som gjennom ulike perspektiv knyter seg til hovudtemaet helse. Fagområda innan helse er mange, og ikkje minst etter koronapandemien har helsefaglege spørsmål også halde seg høgaktuelle for folk flest.
– Under Forskingsdagane vil vi vise fram mangfaldet innan forskings- og utviklingsarbeidet som føregår ved Høgskulen i Volda, fortel Geir Tangen, som er koordinator og programansvarleg for Forskingsdagane i Volda.
Festivalen «tjuvstartar» torsdag 19. september med ein panelsamtale med professorane Tor-Johan Ekeland og Jan Inge Sørbø i høgskulebiblioteket: «Helsefaren ved helse – om alt helsesnakket som fører folk inn i sjukdom».
Under den offisielle opninga 20. september blir det mellom anna utdeling av FoU-prisen 2024 til professor Knut-Willy Sæther ved Institutt for religion og livssyn.
Breitt festivalprogram om helse for alle
Vidare gjennom festivalveka kan du både på dagtid og kveldstid få påfyll av kunnskap og opplevingar under Forskingsdagane: rørsleleik for barn, allsong-arrangementa «Helse i kvar tone» med høgskulekoret, filmkveld, forskingskviss, folkehelseseminar og føredrag om hjernen, trening og helse og dessutan barnebokbad med stjerneforfattar Maria Parr – med meir!
– I år har vi sydd saman eit spennande festivalprogram med mange ulike formidlings- og uttrykksformer, fortel koordinator Tangen, og understrekar at alle kan kome gratis på alle arrangementa.
- Les også: Leik og lær om trening og helse
I tillegg til programpostar på høgskulen blir det også festivalarrangement andre stader i nærområdet, mellom anna Studenthuset Rokken, Aasentunet, Volda bygdetun og Hjørundfjord filmteater på Sæbø.
– Vi er svært takksame for det gode samarbeidet og engasjementet som Forskingsdagane møter hos lokale og regionale institusjonar og frivillige lag og organisasjonar, rosar Tangen.
Mange av dei fagleg tilsette ved høgskulen er også i sving for å sørgje for at Forskingsdagane blir ei flott festivaloppleving for alle som er nysgjerrige på vitskapleg formidling.
– Vi har samla eit solid lag av fagpersonar som deltakarar under festivalen, både frå høgskulen og eksterne aktørar, seier Tangen.
Gler seg til festival som møteplass mellom fag og folk
Prorektor Eirik Søvik ved Høgskulen i Volda gler seg over at Forskingsdagane synleggjer det viktige forskings- og utviklingsarbeidet (FoU) til fagmiljøa ved høgskulen.
– Eg vil oppfordre store og små frå heile regionen vår til å ta turen på Forskingsdagane: Plukk deg ut nokre programpostar som pirrar interessa, og kom og få innblikk i alt det spennande FoU-arbeidet ved høgskulen. Eg håpar møta mellom publikum og fagformidlarar under festivalen både kan skape gode samtaler om forsking og inspirere folk til å interessere seg for vitskap.